– Høgrepopulisme kan vera kriseteikn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SJÅ DIREKTOVERFØRINGA FRÅ LO STAT VED Å KLIKKE HER!

LO-sekretær Trine Lise Sundnes hadde det andre innlegget i ein fire timar lang debatt om den norske modellen på Pers hotell.

Dei skal debattere den norske modellen, med små forskjellar i inntekt, låg arbeidsløyse, sentrale lønsforhandlingar og ein generøs velferdsstat.

Sundnes har mellom anna prata om kva for slags krise ein framleis ser i resten av Europa.

Ein av scenaria ho peikar på at kan koma til å skje, er at hegemoniet til Vesten kan måtte gje tapt: Kanskje tek Kina, Japan, India og Brasil over "herredømmet".

– Når eit hegemoni fell, er det aldri utan krise. Kan hende er høgrepopulismen ein ser mange stader i den vestlege verda eit slikt kriseteikn, seier Trine Lise Sundnes.

Utanom Trine Lise Sundnes (sekretær i LO), kjem desse på talarstolen etterkvart:

Magnus Marsdal (Manifest Analyse), Kristin Clemet (tidlegare statsråd og leiar i tankesmia Civita) og Gudmund Hernes (tidlegare statsråd, forskar i Fafo).

Aps partisekretær Raymond Johansen hadde fyrste innlegg på konferansen i går, tysdag:

Han kritiserte Frp heime, men òg høgresida i Europa for å kutte i trygdeytelsar under dekke av finanskrisa:

– Dei gjennomfører reformar som kuttar velferdsgodene for dei som treng det mest. Dei forsterkar klasseforskjellane og dei lurar det inn bakdøra no når den store kriseforståelsen er mana fram! Dei verste kutta går ikkje utover mange av dei vanlige middelklasseveljarane. Det går utover den gruppa som allereie i dag har det vanskelag: Dei som tek i mot trygd, er utan arbeid eller har låg inntekt, sa Johansen i går ifølgje Aftenposten.

Sjå saka hjå Hallingdolen.no!