Let fråversreglane liggja

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Barnas spørretime fredag, fekk Halvorsen blant anna dette spørsmålet frå ungdommar frå Trondheim:

– Kvifor blir politisk fråvere sidestilt med skulking?

– Det var heilt naudsynt å gjera noko med fråveret i vidaregåande. Det er så nær samanheng mellom fråvere og fullføring av fråversreglane. Nokre stader var det blitt ein kultur at ein berre stakk innom inni blant. Slik det var, var det opp til rektor å vurdera kva som var gyldig fråvere. Dette førte til store forskjellar.

– Kan ein gjera forskjell på politiske fråvere og anna fråvere?

– Eg veit at eg er litt streng og hurpete, men det er så viktig at alle er på skulen. Viss ein er aktiv i ein organisasjon, så ville eg ikkje vore så engsteleg som dykk. Alle som eg har kjent som har vore aktive, har dette telt positivt på cven deira.

– No lar me det ligga, men viss det er heilt ute og syklar, så kan me sjå på det igjen, la ho til.