Statsrådane svarar i dag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No blir stats- rådane grilla

– Eg skal spørja om kvifor ikkje alle skular i Noreg har gratis mat, når andre land med dårlegare råd, som Sverige og Finland, har det, fortel Mikkel Riiser (16). Han er ein ungdommane som møter på Stortinget fredag 19. november for å delta i Barnas spørretime.

Om han får tid, skal han også spørja om kvifor 16-åringar må betala vaksenbillett på bussen, og kvifor det blir dyrare å ta buss når ein veit at det er miljøvennleg.

LES OGSÅ: – Lytt til bussekspertane!

– Det blir ganske dyrt i lengda viss ein ikkje har ungdomskort, og dyrare billettar bidreg jo berre til meir bilkøyring, seier Mikkel Riiser til Framtida.no – på mobil frå nettopp ein buss.

Nervøse politikarar
I år er det fjerde gong at Redd Barna og barnerettsgruppa på Stortinget arrangerer Barnas spørretime. Temaet i år er deltaking og påverknad i samfunnet.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV), finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap), samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV), helse- og omsorgsminister Anne- Grete Strøm-Erichsen (Ap) og justisminister Knut Storberget (Ap) er blant ministrane som skal grillast komande fredag.

Sist fredag fekk Vestfold-ungdommane tips og råd av Inga Marte Thorkildsen (SV) til korleis ein stiller spørsmål på Stortinget.

Ved sida av å skriva ned spørsmåla på førehand, hugsar Markus Marstad best eitt råd:

– Eg er ganske nervøs, men eg fekk høyra at statsrådane er endå meir nervøse. Det er fordi dei må svara heilt rett for seg, viss ikkje blir dei rett og slett drite ut.

Håpar på løfter
Markus Marstad vil spørja om kvifor ikkje klassens time kan bli obligatorisk.

– Slik kan alle i klassen bli høyrt og seia meiningane sine. Me har dette i vår klasse, og eg trur det fører til at ein trivst betre.

– Kva håpar du svaret blir frå kunnskapsministeren?

– Eg håpar sjølvsagt på at ho seier ho vil gjera noko med det.

Mikkel Riiser seier han håpar på at grensa for vaksenbillett blir sett til 18 år. Når det gjeld gratis skulemat er han heller tvilande til at det blir noko av enno, sjølv om han meiner det er gode grunnar for det:

– Når ein ikkje har ete, så blir ein meir ukonsentrert. Viss ein også får sunn mat på skulen, blir det ei investering i folkehelsa, understrekar han.

 

Er det andre saker som har med ungdom å gjera, som burde blitt tatt opp med statsrådane?

Faktaboks