Lærte foreldra sine om nettvett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På eit foreldremøte denne veka har dei vaksne fått læra om haldningar på nett, med sine eigne born som lærarar.

– Det er alltid vi som skal lære nye ting, og no får vi endeleg lov til å lære bort noko, seier Synne i klasse 7c til reddbarna.no. Saman med klassekameratane har ho laga og øva på skodespel om nettvettreglene og laga plakatar.

Nettvettreglane blir skodespel
Jan Magne og May Liss ynskjer dei vel 20 frammøtte velkommen, og fortel at sjølv om det føregår ein del baksnakking og ”ditching” på mobil og Internett, er begge deler først og fremst positivt.

På rekkje og rad gjennomfører klassa eit lite skodespel for kvar av Redd Barna sine sju nettvettreglar.

LES OGSÅ: Fryktar at 21.000 kjem i bursdag

I det mest alvorlege skodespelet viser dei korleis Tore 13 år på nett i røyndomen er Per 56 år.

Gjeld vaksne òg
– Nettvettreglane gjeld òg dei vaksne, seier fleire av elevane.

– Dei må òg vere forsiktige og tenkja over kva for ein informasjon dei deler om seg sjølv, og ikkje dra å møte nokre dei har vorte kjent med på nett åleine, og tenkja over kva slags bilete dei legg ut på Facebook av seg sjølv og andre, forklarar Maria.

Foreldra Linda Dale, Christel og Odd-Petter Woll er samde om at dette var eit veldig interessant foreldremøte.

– Det er bra at dei får fram det positive med bruk av mobil og Internett og viser at det er gode verktøy når dei brukast med fornuft, seier Odd-Petter.

Faktaboks

Nettvettreglane til Redd Barna:
* Vis respekt for kvarandre på nett. Mobbing på nett er minst like alvorleg som annan mobbing
* Tenk deg om før du deler personlege bilete og opplysningar om deg sjølv og andre på opne nettsteder
* Lag eit passord som er vanskeleg å gjette. Passordet ditt er privat
* Hugs at det er lett å lyve på nettet, ikkje tru på alt som andre skriv
* Ta med nokre du stolar på viss du skal møte nokre du har vorte kjent med på nettet, og møt dei på eit offentleg stad
* Avslutt kontakten viss du blir redd eller opplever noko ubehageleg. Blokker kontakten og meld frå til dei som har ansvaret for nettstedet
* Fortel det til ein voksen eller ein annan du stolar på viss du opplever noko ubehageleg. Meld til politiet på www.tips.kripos.no om alvorlege saker. Det er ikkje skulda di om nokre andre gjer noko ubehageleg mot deg på nett