Årets nynorskkommune
Fekk prisen av kommunalministeren fredag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Årets nynorsk- kommune
– Eg vil gratulere Seljord kommune med prisen Årets nynorskkommune 2010, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.
– Juryen har vurdert kandidatane grundig. Særskilt vil eg trekkje fram at vinnaren Seljord kommune driv godt språkarbeid for barn. Eg håpar prisen vil styrkje bruken av nynorsk både i Seljord og i andre kommunar i Telemark, seier Navarsete.
Seljord kommune har laga ein plan og eit lokalt verktøy for språkstimulering i barnehagane. Dei har og laga ein plan for lese- og skriveopplæring i grunnskulen.
Under press
Juryen har også lagt vekt på at kommunen ligg i eit tradisjonelt nynorskfylke, men der nynorsken mange stader likevel er under press. Prisen Årets nynorskkommune 2010 består av 100 000 kroner og eit bilete av kunstnaren Tuula Lehtinen.
– Seljord skårar høgt både når det gjeld kommunale planar, nynorsk i kulturarbeid og tidleg nynorskinnsats blant barn, seier Navarsete.
Ho deler ut prisen på Stord i samband med den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu fredag 12. november. Stord kommune blei Årets nynorskkommune i fjor.