Parasitten, pengane og politikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste to vekene har Janne Sollie, direktør for Direktoratet for naturforvalting, blitt omtala som noko nær ein samfunnsfiende i Noreg. I eit intervju med Dagens Næringsliv 23. oktober slo Sollie fast at mengda av oppdrettslaks burde halverast om ein skal få bukt med lakselusa og berge villaksen. «Det er altfor mye fisk i merdene til at man klarer å holde kontroll på lusenivået», sa Sollie og hevda at Havforskings­instituttet hadde sagt at talet på oppdrettslaks burde reduserast med heile 90 prosent.

For dette utspelet fekk Sollie så øyra flagra, ikkje berre frå talsmenn i oppdrettsnæringa, men òg frå fleire politikarar og på leiar­plass i VG. Leiinga ved Havforskingsinstituttet avviste at instituttet hadde ytra noko slikt som det Sollie hevda.

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen kommenterte saka slik til NTB: «Det er ikke volumet på havbruksnæringa som avgjør hvorvidt den er bærekraftig eller ikke. Det avgjørende er hvordan næringa drives, og at miljøavtrykket er innenfor det som de politiske myndighetene anser akseptabelt.»

Sollie burde nok sjekka kjelda si ein gong til før ho viste til Havforskingsinstituttet i intervjuet. Men problemstillinga ho reiste, er like fullt viktig: Verken oppdrettsnæringa eller styresmaktene har i dag noka truverdig løysing på lakselusproblemet, som trugar både villfisk og oppdrettslaks. Det er vanskeleg å kome frå at det er den svulmande oppdrettsnæringa som har ført til luseeksplosjonen langs norskekysten, fordi ho har gjeve lakselusa fleire hundre millionar nye vertar å suge seg på. Og da må ein vel òg kunne diskutere om næringa har vakse seg for stor?

Krev nedslakting
– Janne Sollie har heilt rett i det ho seier: Det må nedslakting til, seier Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet og ein av dei få som har støtta utspelet til Sollie.

– Takk og pris for at det finst ein statsbyråkrat som tør å seie frå. Reaksjonane Sollie har fått, viser kor vanskeleg det kan vere å leggje seg ut med oppdretts­næringa, seier Haltbrekken.

Sjølv om det er ikkje er meir lus i norske fjordar no enn da det vart ropa varsku på grunn av ein dramatisk auke i fjor, meiner Haltbrekken at situasjonen er enda meir alvorleg no.

– Det er like mykje lus i år som i fjor, trass i alle tiltaka som har vore sette inn for å redusere problemet. Eg tør ikkje tenkje på korleis det ville vore utan desse tiltaka. Vi kjem ikkje unna at det er for mykje fisk i merdane.

– Men fiskeriminister Berg-Hansen meiner det ikkje er volumet på havbruksnæringa som av­­gjer om ho er berekraftig eller ikkje?

– Fiskeriministeren motseier seg sjølv til dei gradar. I fjor var det planlagt ein fem prosents auke av biomassen i oppdrettsanlegga. Men den auken vart utsett på grunn av store problem med lakselus. Det viser at statsråden såg samanhengen mellom volumet av oppdrettslaks og luseproblema. Og i år vart auken utsett att av same grunn, seier Lars Haltbrekken.

Frykteleg vanskeleg
Men hos Havforskingsinstituttet, som har ansvaret for overvaking av lakselusa i Noreg, slipar dei ikkje slakteknivane. Direktør Tore Nepstad seier seg i prinsippet samd med fiskeriministeren: Det er ikkje naudsynleg samanheng mellom mengd av oppdrettslaks og mengd av lakselus.

– Det er vi veldig samde i. Samtidig: Dersom mengda av oppdrettslaks aukar, er det truleg at volumet av lus òg aukar, om ein ikkje set inn sterke tiltak for å avgrense lusebestanden. Men om ein berre halverte biomassen av oppdrettslaks i Hard­angerfjorden, er det ikkje gjeve at lusemengda òg ville bli hal­vert.

– Med dei metodane som finst i dag: Er det mogleg å få bukt med luseplaga utan å redusere talet på laks i merdane?

– Det er frykteleg vanskeleg å svare på, og eg vil ikkje forskotere løysingar på dette. Men dette er noko det blir forska mykje på. Svaret avheng mellom anna av kva samfunnet vil akseptere av miljøeffektar frå denne næringa. Menneskeleg matproduksjon, anten det er landbruk eller oppdrett, vil alltid setje eit avtrykk på miljøet.

– Har Havforskingsinstituttet ingen råd å gje til styresmaktene om mengda av laks i norske oppdrettsanlegg i forhold til luseproblemet?

– Eg vil i alle fall ikkje kvantifisere noko slikt i dag. Men mengda av lus bør reduserast. Vi har gjeve ei klar tilråding om at grensene for lusepåslag ikkje må overskridast, og at ein må setje inn naudsynte tiltak om grensene blir overskridne. Dette er ansvaret til forvaltinga og næringa. Korleis næringa skal ordne det, bør du spørje næringa om, seier Nepstad.

– Havforskingsinstituttet har sett av meir ressursar til overvaking og forsking på lakselus neste år. Rolla vår er å skildre dei risikofaktorane som finst, så er det opp til politiske styresmakter å seie kva dei vil akseptere.

Eit politisk spørsmål
Det er Mattilsynet som har hovudansvaret for tilsyn med norsk oppdrettsnæring. Ole Fjetland, assisterande tilsynsdirektør, ser på lakselusa som eit alvorleg problem.

– Stort sett vil det vere samanheng mellom mengda av oppdrettslaks og det totale talet på lakselus som blir produsert. Og smittepresset på villfisken aukar med talet på oppdrettslaks, seier Fjetland.

– Men vi har sett ein auke i talet på lakselus også i periodar da mengda oppdrettslaks ikkje er vesentleg auka. Det kjem av resistens mot dei midla ein brukar for å bekjempe lusa.

– Med dei midla ein har i dag – er det mogleg å få talet på lus ned på eit akseptabelt nivå utan å redusere mengda oppdrettslaks?

– Dette er noko som det stadig blir arbeidd med. Vi har til dømes lagt ein del oppdretts­soner på Vestlandet brakk i periodar for å få ned smittepresset. Vi har tru på at dette skal verke på sikt.

– Dei tiltaka som er sette inn, har ikkje monna enno?

– Det er ei utfordring å løyse dette. For å løyse problemet på sikt, må ein sjå på strukturelle forhold i næringa.

– Men igjen: Kan ein få luseproblemet ned på akseptabelt nivå utan å redusere den samla mengda oppdrettslaks?

– Det ligg mange ulike føresetnader i det spørsmålet. Det er vår oppgåve å sjå til at dei vedtekne grensene for talet på lus i anlegga blir følgde. Men kva som er eit akseptabelt nivå, er eit politisk spørsmål, seier Ole Fjetland i Mattilsynet.

Kan misse kontrollen
Men lakselusomfanget er ikkje berre eit politisk spørsmål, det er òg eit biologisk spørsmål. Ein som har åtvara mot å late oppdrettsnæringa vekse vidare, er Frank Nilsen, professor i
biologi ved Universitetet i Bergen. Han er spesialist på fiskesjukdomar og har arbeidd med å utvikle medisin mot lakselus. I intervju med Bergens Tidende i fjor peika Nilsen på trugsmålet frå den aukande resistensen til lakselusa. Han varsla om at dersom det ikkje kjem nye, effektive middel mot luseplaga, må produksjonen avgrensast om ein ikkje skal misse heilt kontroll med situa­sjonen.

– Di fleire laks, di fleire vertar for lusa. Om du har eit gjeve tal på lus per fisk, vil jo talet på lus auke med talet på oppdrettslaks, seier Nilsen.

– Men fiskeriministeren meiner det ikkje treng vere samanheng mellom oppdrettsvolum og berekraft?

– Ja, eg såg det. Men den påstanden føreset at ein har effektive metodar for å kontrollere lusa. Og i alle fall i delar av landet er resistens mot lusemidla no utbreidd.

Over grensa
Nilsen er skeptisk til den måten styresmaktene prøver å kontrollere luseproblemet i dag. Han påpeikar at når det finst fleire hundre millionar oppdrettslaks i Noreg, kan lakselusa vere eit stort problem for villaksen sjølv om snittalet for lus per laks er lågt.

– I dag er vi opptekne av gjennomsnittstala for lus i anlegga. Men det fortel oss ikkje om den samla mengda av lus.

– Kva kan vere eit berekraftig nivå av lakselus, om vi skal berge villaks og sjøaure?

– Det er vanskeleg å kome med noko tal for det. Det viktige er kva effekt lusa har på villfisken. Eg saknar vurderingar ut frå forvaltningsmål, ikkje berre gjennomsnittstal. Problemet er ikkje likt overalt, villfiskstammane er ikkje like svekte overalt. Men når ein har få tiltak som verkar mot lusa, bør ein ha mindre laks i området. Og eg trur grensene er overskridne fleire stader i Noreg.

– Burde rådgjevande organ som Mattilsynet og Havforskingsinstuttet seie noko om kor store bestandar av oppdrettslaks som er tilrådelege?

– Ja, eg trur dei burde gjere det. I alle fall bør dei kunne seie frå når mengda av oppdrettslaks overskrir tolegrensene i visse område, seier Nilsen.

– I dag er oppdrettsnæringa som ein snøball som berre rullar. Dette er ei stor og viktig næring i Noreg, men ho vil stå sterkare ved å ta fornuftige miljø­omsyn.

LES SAKA I DAG OG TID!

 

Kva meiner du om oppdrettsnæringa? Bør ein ta vare på villaksen?

Faktaboks

Lakselus er ein art i gruppa hoppekreps. Ho lever som parasitt på laks. Ho lever av slimet, huda og blodet til fisken, og kan føra til sår på fisken. Mange villaks har store skader etter lusa, og døyr av dette. I mange tilfelle fungerer oppdrettsnalegg som klekkeri for lakselus, som blir spreidd vidare ut i sjøen. Les meir hjå Bellona og Wikipedia!