Ikkje Vinjerock i 2011

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi tek eitt års pause for å leggje til rette framtidas festivalområde. I 2008 fekk vi nemleg støtte frå Sparebankstiftelsen til å byggje eit parkområde ved Bygdins breidder. No må tilskotet nyttast, men det har synt seg vanskeleg å få gjennomført prosjektet i kombinasjon med ein vanleg festivalsumar, skriv festivalsjef Eirik Høyme Rogn i ei pressemelding.

Vinjerock har med åra vorte såpass stor og krevjande at det må lagast eit parkområde for å skåne den sårbare høgfjellsnaturen frå unødig slitasje. Difor bestemte leiinga for Vinjerock at bygginga skal skje neste sommar.

– Sumarsesongen på 1060 meter over havet er kort, med den konsekvens at vi måtte ha skipa festivalen på eit område prega av anleggsarbeid. Det ville ha ført til store logistikkproblem, i tillegg til at det rett og slett ikkje hadde tatt seg veldig bra ut, fortel Høyme Rogn.

– I tillegg er dette eit såpass stort prosjekt at det krev stor dugnadsinnsats. Vi kan ikkje risikere å ta livet av dugnadsanden, som er grunnlaget for heile festivalen, ved å køyre for hardt på, legg han til.

Frå skrot til perle
Området som skal jobbast med ligg attmed vasskanten på Eidsbugarden. Her har det tidlegare vore blant anna tennisbane. Når parkeringsplassane vart bygd opp for nokre tiår sidan vart myrjord frå det arealet lagt oppå banen, og i dag består framtidas «Vinjepark» av humpete myrterreng – prega av mykje skrot og sår etter bålbrenning og anna slitasje.

– Dette området er eigentleg ei skikkeleg perle. Målsetjinga vår no er å leggje det til rette så diskret som mogleg, men i ein slik grad at det kan nyttast av oss i festivalhelga, og samstundes vera til glede for alle andre som er på Eidsbugarden resten av sumaren, seier festivalsjefen.

Jobbar med ynskjelista
Parallelt med byggearbeidet er festivalleiinga i gang med å tenke fram mot festivalen i 2012.

– Sjølv om det er vemodig og rart å ikkje ha ein festival framfor seg neste sumar har det også sine fordelar. Blant anna har vi dobbelt så lang tid på å jobbe med å få nokre av artistane på ynskjelista til fjells. Prosessen er allereie i gang, og som alltid tek vi imot alle innspel med opne armar, seier Eirik Høyme Rogn.

Den sjette festivalen skal gå av stabelen 19.-22. juli 2012.