– Meir praksis i skulen, Kristin!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ynskjer tilbake dei praktiske faga. Det virka som ho var einig i mykje av det me snakka om og at ho tok bodskapen frå oss på alvor, fortel Seim Vestrheim og Fjose Sandberg etter at dei hadde besøkt ministeren på Stortinget i Oslo.

Invitert til møtet
Voss ungdomsskule var ein av seks skular som fekk høve til å møta ministeren i denne omgang. Årsaka til møtet er ei planlagd stortingsmelding som Halvorsen skal skriva til våren. Ein viktig del av det arbeidet er å høyra kva dei ulike aktørane på ungdomstrinnet meiner er naudsynt for å utvikla eit godt ungdomstrinn for alle elevane. Sidan Annvor Seim Vestrheim er elevrådsformann og Arne Fjose Sandberg er nestleiar, vart dei valde ut til å reisa på turen til Oslo.

Meir praktiske fag
Elevane frå Voss ungdomsskule hadde ikkje berre med seg ynskje frå sin eigen skule. Også elevar på Evanger har bidrege med forslag til kva som kunne takast opp når dei først fekk høve til å møta ministeren.

– Kva snakka de med henne om?

– Me fortalde at me ynskte å ha attende valfaga og dei meir praktiske faga i skulen. Dessutan snakka me om at det ville vore ein fordel å gjera dei teoretiske faga meir praktiske, seier Seim Vestrheim.

– Korleis då?

– At det, til dømes i mattetimane, kunne vorte meir praktisk matematikk. Det er mange elevar som slit med teori, men er flinke når det kjem til det praktiske, forklarer Seim Vestrheim og legg til at alle dei seks skulane som var på møtet var samde i dette og hadde det sjølve på blokka si.

Gler seg
Dei to skuleelevane frå Voss vonar no at Halvorsen har teke til seg ynskja frå elevane, og vonar at regjeringa kan tenkja nytt. No ser dei to skuleelevane fram til at stortingsmeldinga vert ferdigskriven og gler seg til å få lesa ho. – Det er spesielt kjekt å lesa det når me har vore med og kanskje påverka det som står inne i ho.

Ha de lært mykje av denne turen?

– Me har mellom anna lært at me kan variera faga ein del og vera meir kreative og ikkje vera redde for å tenkja nytt, seier dei to. Kjempeflott Også undervisningsinspektør ved Voss ungdomsskule, Kolbjørn Blikås, er godt nøgd med at elevane har vore på møte med ministeren.

– Kunnskapsministeren har sagt at ho ynskjer innspel frå brukarane. Eg trur nok ho lyttar på dei, for det har det synt seseg at ho har gjort før,
seier Blikås.

Faktaboks

Kunnskapsdepartementet har varsla at dei vil sjå nærmare på ungdomsskulen.

Fråfallet i vidaregåande skule kan i fleire tilfeller sporast tilbake til ungdomsskulen.

Fleire elevar på forskjellige ungdomsskular i Noreg er invitert til å seia meininga si i Kristins time.