Hans kamp, bind 1000

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka kom sjølvaste Carl I. Hagen med boka «Klar tale». I den forbindelsen har han mellom anna gitt uttrykk for at eldreomsorg er viktig og at delar av Oslo ikkje er til å kjenne igjen på grunn av innvandringa. Eller for å seie det på ein annan måte: Carl I. Hagen har blitt ganske gammal. Hagen lanserte også eit forslag om å flytte innvandrarar til Oslos vestkant.

Som kjent så har Karl Ove Knausgård sørga for at det i bokkretsar no blir sett på som feigt og puslete å gi ut berre ei bok. Og «Klar tale» er også berre den første i ein lang serie bøker frå Carl I. Hagen.

Allereie i november kjem «Klarere tale», der Hagen skriv at eldreomsorg no har blitt endå viktigare. Han går også inn for ei ordning med audition for innvandrarar som ønsker å flytte til vestkanten i Oslo.

I desember kjem «Kjempeklar tale», der Hagen skriv at eldreomsorg no er viktigare enn nokon gong, spesielt omsorg for eldre politikarar med ordførarambisjonar. Vidare foreslår han ei lov om at innvandrarar flyttar litt rundt og aldri er meir enn fjorten dagar på same plass.

I januar kjem «Superklar tale», der Hagen skriv at eit land som Norge burde ta seg råd til å garantere ei statsrådstilling eller ein ordførarjobb til eldre menneske som har gjort teneste i norsk politikk i meir enn tretti år. Han foreslår også at det ikkje skal finnast ting i butikkar i Norge som Carl I. Hagen ikkje veit kva er.

I februar følgjer «Blir det klarere nå, så detter øra av», der Hagen går inn for å reise ein statue av Carl I. Hagen. Han går også inn for ei lov om at det må vere mulig å kjøpe seg ein kopp kaffi i dette landet utan å måtte ta stilling til om du vil ha latte eller cappuccino eller med eller utan koffein eller lettmjølk eller heilmjølk eller vaniljesmak.

I mars kjem «Nå skal dere høre her, altså» der han går inn for at alle norske byar bør få ein statue av Carl I. Hagen og at det bør vere påbode for innvandrarar å beundre den nærmaste Hagen-statuen minst ein gong i veka. Vidare meiner han vi treng ei lov der det står at folk i radioen må snakke litt saktare slik at det er mulig for folk over seksti å få med seg kva dei seier.

I april kjem «Hold tåta» der han slår tilbake mot alle som kritiserer han for å ha foreslått statuar av seg sjølv. Han foreslår ei lov som gjer det straffbart å håne politiske vetaranar med meir enn tretti års erfaring frå toppolitikken. Han går også inn for svart-kvitt-fjernsyn og nypremiere på «Støv på hjernen».

I mai tek han initiativet til ei lov som slår fast ein gong for alle at snørungar skal halde kjeften sin og lytte når vaksne folk snakkar.

I juni foreslår Carl I. Hagen å vedta at det er 1958.

Så sluttar han å meine noko og går inn for å bli ordførar i hovudstaden.

 

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 30. oktober.