Ønskjer debatt om ung makt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge menneske deltek mindre på dei tradisjonelle politiske arenaene enn før. Eg ynskjer å finna ut om unge har reell høve til å få innverknad og å påverka det som skjer i samfunnet, seier barne-, likestilling si- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV).

Fredag utnemnde regjeringa i statsråd utvalet som skal leia arbeidet med ungdommens maktutgreiing. Utvalet skal vurdere forslag og tiltak som kan bidra til å auke innverknaden til unge. I tillegg til dei tradisjonelle kanalane for makt og deltaking, er makta til unge over – og høve til å meistra sine eigne liv – eit viktig utgangspunkt for utgreiinga.

Trond-Viggo
– Me er glade for at Trond-Viggo Torgersen skal leia den første maktutgreiinga for unge. Han skal leia eit spennande utval, med gode kunnskapar om ungdom og makt. Det er viktig for oss å få innspel til korleis me kan utvikla ungdomspolitikken. Demokratiet er avhengig av at alle røystene i samfunnet blir høyrt, understrekar Lysbakken. Sjå kven andre som sit i utvalet!

KORLEIS MEINER DU UNGE BEST KAN FÅ MEIR MAKT?

Utgreiinga skal konsentrera seg om ungdomsbefolkninga i alderen 12-26 år, og skal sjå på forskjella når det gjeld kjønn, kultur, ulik etnisk bakgrunn, nedsett funksjonsevne og levekår.

Røysterett for 16-åringar
– Me er glade for at det viktige arbeidet med ungdommens maktutgreiing endeleg kjem i gong, seier Bjarne Dæhli, leiar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar og sjølv medlem i utvalet.

KAMPSAK:  På tide med stemmerett for 16-åringar?

– Fleire unge må få høve til å delta slik at dei kan engasjere seg i og påverke saker dei er opptekne av. Det blir difor spesielt viktig for utvalet å sjå på stemmerett for 16-åringar, seier Dæhli til LNU.no.

Sjå kva ungdomsministeren sa då han varsla at han ville oppretta ungdommens maktutgreiing på Barne- og ungdomstinget i april: