Statsråd Audun Lysbakken delte i dag ut prisen for Årets barne- og ungdomskommune 2010.

mm

– Born har rett til å bli høyrt og sett. Årets barne- og ungdomskommune skal ta born og unge på alvor og vere ein kommune som lukkast i å skape eit inkluderande oppvekstmiljø der born og unge får delta og utvikle seg. Trondheim kommune har vist at tenestene blir betre av å lytte til ungane. Det gleder meg difor å kunne gratulere og overrekke prisen til Trondheim kommune, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV) i ei pressemelding.

Lokale kultur- og fritidstilbod
Kommunalråd Aase Sætran mottok prisen på vegne av ordførar i Trondheim, Rita Ottervik.

Det bur 37000 born og unge under 18 år og 148 ulike nasjonalitetar i Trondheim kommune. Kommunen får ros for å involvere folk i utviklinga av tenestene i byen. Dei tilbyr informasjon på fleire språk, og har jobba for å auke kultur- og fritidstilbod lokalt slik at fleire born kan delta.
Målet med prisen er å stimulere kommunane til å satse på born og ungdom. Med kåringa ynskjer Regjeringa å løfte kommunar som jobbar særleg godt med å betre oppvekstmiljøet for born og unge.

Unge er premissleverandørar
Vinnaren er kjenneteikna av langsiktig planlegging, godt samspel mellom tenester, tett dialog med barne- og ungdomsmiljøet og nytenking kring oppvekstmiljøet til kommunen, heitar det i grunngjevinga til juryen.

Elles skriv dei: ”Årets barne- og ungdomskommune er ein storby med dei utfordringane det medfører. Storleiken til kommunen gjev i seg sjølv høve til å vere ein kommune med eit variert kultur- og fritidstilbod. Juryen meiner at kommunen i vesentleg grad har bidrege til å styrkja oppvekstmiljøet. Kommunen har eit aktivt og velfungerande påverknadsorgan for ungdom, som etter eige utsegn har utvikla seg frå å vere ein høyringsinstans til å bli ein premissleverandør.”

Førebilete for andre
– Trondheim er eit førebilete for andre kommunar, særleg når det gjeld å la ungdom påverke politikken, seier Bjarne Dæhli til lnu.no. Leiaren i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar har leia juryen. Trondheim har utvikla ein eigen lokal læreplan for 1.-10.trinn i elevrådsarbeid og demokratiopplæring, som tar for seg medverkning, sjølvstende og samarbeid. Lærerplanen kom etter at Ungdommens bystyre hadde etterlyst oppfølging av demokratiopplæringa i kunnskapsløftet.

Ungdommens bystyre i Trondheim er satt saman av ein elev frå kvar ungdomsskule og vidaregåande skule. Ungdommens bystyre blir trekt inn før sakene kjem til politikarane og når dei skal handsamast i bystyret eller komitear. I tilegg har dei 300.000 kr som dei deler ut til lokale tiltak, etter kriterier dei sjølv har bestemt. Det var Ungdommens bystyre sjølv som tok initiativ til å nominere kommunen til prisen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

LES OGSÅ

ANNONSE