– Å mobba liknar på å bruka narko

Ruben Klipper fekk diagnosen ADHD og Tourettes syndrom som 6-åring.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helsestasjonen i Tokke og Vest-Telemark pedagogisk-psykologiske tenester (PPT) stod som arrangørar av føredraget 25-åringen Ruben Klipper frå Halde i Østfold heldt i kulturhuset på Dalen tysdag.

– Om de ser at eg går att og fram på golvet under føredraget, så er det på grunn av diagnosen min. Det let seg rett og slett ikkje gjere å stå stille. No skal eg ta dykk med på ei reise i oppveksten min. Ei reise som seier noko om det å vere annleis og kva det førte med seg for meg og omgjevnadane, starta Ruben Klipper føredraget med.

Mobbeoffer
Han kunne også fortelje at oppveksten var mykje prega av mobbing og han samanlikna det å mobbe med å bruke narkotika.

– I starten slenger kanskje mobbaren ut flåsete ord som etter kvart blir verre og verre og til slutt blir det kanskje fysisk mobbing. Det startar i det små, meinte Klipper.

Ruben Klipper forklarte kva ei diagnose som ADHD fører med seg, og han peika på tri viktige punkt.

– Det handlar om konsentrasjonsproblem, hyperaktivitet og mangel på impulskontroll. Det vil seie at om eg som har ADHD får ein tanke i hovudet som andre ville brukt tid til å tenkje på før ein utfører handlinga, ikkje gjer det og handlar umiddelbart etter at tanken var der. Eg var altså ikkje i stand til å kontrollere ein impulsiv tanke, forklarte Klipper.

Såg rart ut
Han bad elevane reise seg og gjere ei øving som illustrerte kva det vil seie å ha Tourettes syndrom.

– No skal de la føtene gå som om de går att og fram. Samstundes skal de rykke i skuldrene (motoriske tics), grynte litt (vokale tics) og slå dykk i panna. Det er kanskje ikkje så rart eg blei eit mobbeoffer, smilte Klipper.

Han kunne fortelje at alt som liten var foreldra klare over at han hadde ein diagnose, men utan heilt å vite kva slag.

– Dei tri fyrste leveåra mine sov eg berre tri timar i døgnet. Kvar natt vakna eg ved tritida og skulle ha drikke. Eg skulle alltid ha anna drikke enn det foreldra mine kom med. Dei trudde dei skulle vere smarte og stelte i stand fire forskjellige slag drikke før dei la seg om kvelden, slik at eg sjølv kunne velje kva eg ville ha. Då skulle eg sjølvsagt ikkje ha drikke i det heile. Det blei aldri bra nok på eit vis, fortalde han.

– Som å sleppe ei bombe
Å vere med på handletur var også eit mareritt for foreldra, og for dei rundt den uvanleg rastlause guten.

– Om pappa ikkje ynskte å ha med meg i butikken, kunne eg rive ned saker og ting i heimen. Eg kunne knuse glas og rett og slett klikke heilt. Dermed enda det ofte med at eg fekk bli med på handletur. Då blei eg plassert i handlevogna, og eg var besett av å ta varer ned frå hyllene og putte i lommene til pappa og meg, sa Klipper.

Då blei løysinga å ta guten ut av handlevogna og sette han ned på golvet.

– Pappa sa at det var som å sleppe ei bombe, og etter kvart som folk kjende meg att, trekte dei seg unna, forklarte han.

Ruben gav mange døme på episodar gjennom oppveksten, og han kunne fortelje at mobbeproblematikken toppa seg då han gjekk i niandeklasse.

– Eg blei mobba på veg til skulen, i skulegarden og på veg heim frå skulen. Det enda med at eg gjekk ein lang omveg for å sleppe unna. Utan å gå i detalj kan eg seie at eg har stifta nærare kjennskap til både sykkelstativ og trestammer, fortalte han.

Vanskeleg med jobb
Klipper klarte aldri å skaffe seg vidare utdanning etter ungdomsskulen. Redsla for å bli mobba var til hinder for det.

– Rett nok gjekk eg eitt år på folkehøgskule, men det blei eit år med frykteleg mykje fråvær, minnest han.

Han prøva seg i forskjellige jobbar, men etter kort tid blei det vanskeleg å konsentrere seg.

– Rekorden min er vel kanskje to og ein halv månad. Innsatsen min var upåklageleg, men fokuset forsvann fullstendig etter kvart, sa Klipper.

Den sympatiske haldensaren kunne fortelje at han har brukt mykje tid på å kome der han er i dag. Men han har framleis symptom på diagnosen.

– Ein blir ikkje kvitt diagnosen min, men eg har lært å leve med han. Eg har brukt frykteleg mykje tid på å kontrollere rørslene og utbrota mine, eller ticsa om du vil. Konsentrasjonen slit eg framleis med, og eg kan falle heilt ut i ei samtale. Det viktige er at eg stort sett har lært meg å kontrollere symptoma, forklarte han.

Etter å ha hamna i eit rusmiljø, der han i eitt års tid gjekk på amfetamin, fann han ut at livet måtte endrast til noko betre. Han flytta heim til far sin, og fekk også hjelp gjennom psykiatrien.

Høge målsetjingar
– Eg sette meg etter kvart tri mål eg ynskte å nå. Det fyrste var å finne ei kvinne eg kunne vere glad i og gifte meg med. Det har eg gjort og me gifta oss for to år sidan. Det andre var å gje ut ei cd-plate med eigne songtekstar. Det gjorde eg i fjor. Tredje målet mitt var å dele erfaringane mine og stå fram og fortelje historia mi. Det gjer eg no, og eg ynskjer å skape forståing for at me kan vere forskjellige. Det må me lære oss å akseptere og respektere, sa han.

Til slutt framførte Ruben Klipper ein song som handla om overgangen frå å slite med symptoma til å klare å takle dei til ein viss grad. Teksten handla også om det dårlege samvitet han i ettertid har hatt.

Reisa med Ruben Klipper var gripande og imponerande. At eit menneske med diagnosen ADHD og Tourettes syndrom klarer å halde eit så levande og kjensleladd føredrag er ikkje mindre enn imponerande. Då skulle ein verkeleg ynskje at lærarar som var til stades la vekk strikketøyet og konsentrerte seg om det denne seansen handla om. Det hadde Ruben Klipper fortent.

LES HEILE SAKA HJÅ VEST-TELEMARK BLAD!

Faktaboks

ADHD er ei forkorting for den amerikanske psykiatriske diagnosen attention-deficit hyperactivity disorder. Eller ei nevrologisk forstyrring som inneber auka uro og vanskar med konsentrasjon og merksemd som det blir forklart på norsk.

Tourettes syndrom (TS) er ein nevrologisk tilstand som fører med seg ufriviljuge rørsler og lyd, også kalla tics, i mange forskjellige variantar. Ein som har TS, brukar mykje krefter for å halde attende tics for ikkje å forstyrre omgjevnadane, og det fører ofte til vanskar med konsentrasjonen og det fører også ofte til sosial isolasjon.