– Kulturministeren må gå

Norsk Målungdom meiner kulturminister Anniken Huitfeldt bør gå av etter prosessen med å tilsetje ny språkdirektør.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev at kultur- ministeren må gå

– Me syns ikkje ho har oppført seg slik ein minister bør. Måten ho har behandla denne saka på er rett og slett for dårleg, seier leiar Janne Nygård i Norsk Målungdom til NRK Møre og Romsdal.

Sylfest Lomheim gjekk av som direktør i Språkrådet 1. september. Styret i rådet innstilte Kjell Lars Berge til jobben, men kulturministeren valde likevel å lyse stillinga ut på nytt. Det førte til at fire av styremedlemmene, deriblant leiar Magni Øvrebotten, valde å trekkje seg.

– Me håper det kjem ei løysing snart, men når stillinga no skal løysast ut att, så fryktar me at det vil ta lang tid før det kjem ny leiar på plass, seier Nygård.

LES OGSÅ: Huiltfeldt kjøper dataspel for to millionar

Ingen i politisk leiing i Kulturdepartementet ville torsdag uttala seg om utspelet til Målungdommen.

Kva meiner du om saka? Del meiningane dine i kommentarfeltet!