Samlar jenter for realfag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årleg arrangerer Noregs Teknisk-naturvitskaplege Universitet i Trondheim sin såkalla Jentedag, der kvinnelege avgangselevar ved vidaregåande skular i heile landet får sjansen til å oppleva og orientera seg om teknologi- og realfagstudiar. 18 år gamle Aili Biriita Hætta Stangeland frå Vikedal er 3.-klassing ved Ølen vidaregåande skule, og går med ei ingeniørspire i magen. Ho er ein av dei 275 jentene som har fått ein attraktiv plass med besøk på NTNU 25. og 26. oktober.

– Eg har tenkt masse att og fram på vidare studiar, og sidan 10. klassen har eg vurdert ingeniørstudiar. Det er ein jobb eg berre ser positive sider med, smiler 18-åringen frå Vikedal.

700 søkarar

– Eg har alltid vore ei realfagjente, og tar nå matte, fysikk og kjemi, og tenkjer litt å bli sivilingeniør. Då får eg vera med ute i felten. Eg har også tenkt litt å arbeida offshore som ingeniør, eller å studera til byggingeniør vidare, då eg alltid har likt å sjå på og undersøkja bygg og konstruksjonar og liknande. Det har kanskje noko med å gjera at pappa er snikker, ler den blide 3.-klassingen.

Til saman 700 jenter ved avgangsklassar frå vidaregåande skular over heile landet søkte på plassane til NTNUs jentedag. Det er krav om at søkaren tar matematikk R2, og ønskjer å studera teknologi og realfag vidare. Utover dette måtte søkarane skriva personleg søknad om å bli tatt med på dagen.

YRKESVAL: Lurer du på kva du skal bli? Les meir her!

Prosjektet er del av Universitet sitt frieri til ein større jenteandel blant realfagsstudentane sine, og er ein stor happening på Campus in Trondheim.

Gler seg
Stangeland sjølv var overraska, og ikkje minst veldig glad for å komma med.

– Eg skreiv i søknaden at eg har vurdert å søkja meg til NTNU, og meiner det er ein god skule eg har høyrt mykje bra om. Eg håpa å få ein plass på denne jentedagen, men visste jo ikkje, så eg blei veldig glad då eg fekk svar. Det blir nok både lærerik og kjekt. Eg trur mellom anna me skal få vera med på både førelesingar og laboratorieforsøk på universitetet, fortel Stangeland.

Ho kjenner nokre som studerer til å bli ingeniørar, men seier det ikkje er så mange jenter blant hennar eigne medelevar som snakkar om studieval i den retninga enno. Sjølv tar ho realfag for å kunna stå på fleire bein, og trivest med faga sjølv om det krev litt arbeid.

– Det var aldri tvil om t eg ville ta realfag på vidaregåande, det bestemte eg meg for lenge sidan. Det gir mange og gode moglegheiter og ein står trygt med slik fagbakgrunn. Noko av det me lærer er vanskeleg, og andre ting forstår eg ikkje noko av. Men det pleier alltid går seg til, smiler 18-åringen.

LES SAKA HJÅ GRANNAR!