NAV vil ha arbeidslause til å skriva

Den prisløna forfattaren Pedro Carmona-Alvarez held skrivekurs.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NAV vil ha arbeids- lause til å skriva

Kursa – som rettar seg mot arbeidslause – går av stabelen på Kvinnherad bibliotek komande onsdag og torsdag, og er i samarbeid med NAV.

– Det er plass til 15 deltakarar, og me jobbar etter først-til-mølla-prinsippet, seier dagleg leiar Trude Hege Bergesen.
 
Forfattarspirer
Ho fortel at biblioteket er glade for å invitera til skrivekurs.

– Vonleg vert dette starten på eit vitalt skrivemiljø i Kvinnherad. Planen er i etterkant av dette kurset å starta permanent skriveverkstad, som kan møtast jamleg på biblioteket, med fleire kurs og forfattarbesøk etter kvart. Me har stor tru på at det er mange forfattarspirer i kommunen vår, og ei slik skrivegruppe kan kanskje bidra til å forløysa eit forfattarskap, seier ho.

Prisar

Pedro Carmona-Alvarez debuterte med diktsamlinga "Helter (1997). Han har sidan gjeve ut to romanar, to diktsamlingar og éin essaysamling. Han fekk Cappelenprisen i 2004, Sultprisen og Den norske Lyrikklubben sin pris i 2005.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!