Difor funkar Facebook

NTNU-forskar: – Difor blir det flørting på Facebook.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hausten for sju år sidan byrja Harvard-studenten og dataprogrammeraren Mark Zuckerberg på ein ny ide. Korleis kunne han bli kjent med fleire fine jenter? Mark trur han veit svaret.

I dag har det nettverket som byrja på Harvard-universitetet blitt eit verdsomspennande nettsamfunn med 500 millionar unge og godt vaksne brukarar. Denne utrulege, men sanne, historia blir fortalt i filmen "The Social Network" som har premiere førstkomande fredag.

Flørtepotensiale
Ei viktig forklaring på populariteten er at ein kan byggja og vedlikehalda vennskap og sosiale nettverk.

– Ein anna forklaring kan vera potensialet som flørtearena. Dette er det skrive lite om før, skriv NTNU-forskaren, Berit Skog på bloggen sin. Ho har spurt 1100 norske studentar om bruken av Facebook.

Gutane flørtar mest
Heile 35 prosent av studentane av begge kjønn svarar at dei har fått romantiske meldingar på Facebook. Til saman 16 prosent av studentane svarar at dei flørtar meir på Facebook enn elles. Igjen er det klåre ulikheter mellom aldersgruppene. Cirka 25 prosent av den yngste og 11 prosent av den eldste gruppa flørtar meir på Facebook enn elles. Og det er menn og unge som er mest aktive på flørtefronten.

Mangel på nærkontakt
Berit Skog meiner fråveret av nærkontakt gjer det lettare å gje uttrykk for kjensler, og dermed blir det meir flørting. Vidare kan det opplevast som meir akseptabelt å bli avvist på Facebook enn når ein er andlet-til-andlet med ein person.

Ho meiner òg Facebook har er funkar bra fordi det er fleire måtar å flørta, både på veggen, gjennom kommentarar og direkte meldingar.