Ta eit ord og la det vandre

Janne Nygård
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har sikkert opplevd det sjølv: Du har kome med det du meiner er verdas beste argumentasjonsrekkje for ei sak du bryr deg om, men vert utsett for tomme og feilaktige motargument frå debattmotstandaren din. Og sjølvsagt let publikum seg overbevise.
Det er viktig å engasjere seg. Eg trur at flesteparten av norsk ungdom er engasjerte og brenn for noko, men det er mange som kvir seg for å ta ordet i ordskifte og seie kva dei meiner. Dette er det mange grunnar til. Ein grunn til dette kan vere at vi kanskje ikkje har vorte trena nok til det på skulen. Retorikk (læra om overtalande språkbruk) har fyrst no nyleg kome inn som ein viktig del av norskfaget i skulen, medan det i fleire andre land, som USA, har vore eit viktig emne lenge. Og eg meiner det er mogleg å høyre skilnad på ein nordmann og ein amerikanar som til dømes vert intervjua på radioen. Vi er kanskje ikkje oppdregne til å stå opp og skrike ut meiningane våre?

Ein annan grunn, som eg trur er den mest viktige, er at ein er redd. Redd for kva? Redd for å dumme seg ut, sjølvsagt. Det ligg alltid ein på lur. Ein som nyttar ein av dei klassiske hersketeknikkane eller billeg retorikk for å få seg sjølv til å framstå som betre enn han eller ho eigentleg er, i mangel på gode argument.  Om ein fyrst har vorte utsett for fæle sklitaklingar i eit ordskifte, er det lettare å berre halde kjeft neste gong. Men det er akkurat det ein aldri må gjere. La for all del ikkje nokon knekke deg på grunn av billege og skitne triks!
Eg vil seie at eg har brei erfaring på dette feltet. Etter å ha reist rundt om i Noreg og argumentert for nynorsk og obligatorisk sidemålsundervisning, meiner eg å ha høyrt det meste av dårlege argument og usaklege kommentarar (sjølvsagt ein del gode òg, men du hadde vore overraska over kva folk får seg til å seie!). Og det kjennest litt tungt når eg gong på gong utfører ei logisk og sakleg argumentasjonrekkje, og det eg får til svar er kun ”nynorsken må heim i fjøset der den kjem frå”, ”nynorsk er ein sjukdom” eller andre merkelege kommentarar som ikkje ein gong kan reknast som argument. Ikkje rart folk er redde for å seie noko, når dei kan risikere å få sånne kommentarar att! Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre i nynorskdiskusjonar.

Vi treng fleire dyktige debattantar, og alle kan verte ein. Eit av dei beste råda eg kan gje deg er å lese deg skikkeleg opp på det fagfeltet eller emnet du bryr deg om. På den måten kan ingen felle deg på faktafeil, og du kan enkelt ta andre om dei prøver seg på det same. Eit anna godt råd er å lese om hersketeknikkar og debatteknikk, slik at du kan påpeike det dersom nokon bryt med god ordskifteskikk. Og det siste, men kanskje viktigaste rådet: Ta ordet. Ikkje la andre ta det frå deg.