Vil ha fleire kvinnelege soldatar

Ny sesjonsordning skal bidra til at kvar fjerde soldat i førstegangstjeneste skal vere kvinne.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For mange er sesjonen det første møtet med Forsvaret, og det er viktig at dette møtet blir godt. Forsvaret er heilt avhengig av å få inn dugelege og motiverte ungdomar, seier Faremo i ei pressemelding.

Måndag vitja forsvarsministeren Vernepliktsverket på Hamar, og fekk møte ungdom som gjennomførde sesjon etter den nye ordninga.

– Den nye sesjonsordninga er ei klar forbetring både for Forsvaret og for ungdomane. Forsvaret får inn dei mest motiverte og best kvalifiserte kandidatane, og desse får meir tid og betre oppfølging, held Faremo fram.

Jenter som kvar fjerde soldat
Forsvarsministeren er oppteken av at den nye ordninga, med sesjonsplikt òg for jenter, skal føre til at fleire jenter kjem inn i Forsvaret.

– Eg er svært imponert over den jobben som er gjort for å få eit betre sesjonstilbod både for gutar og for jenter. Eg både håpar og trur at desse tiltaka vil føre til at vi får fleire jenter inn til førstegongsteneste. Det å få fleire kvinner inn i Forsvaret går alt for seint, og eg er utålmodig. Eg har ein målsetting om at innan 2015 skal 25 prosent av dei som avtener førstegongstenesta vere kvinner. Eg har difor i samråd med forsvarsleiinga kome til at vi allereie no set ein kvote på minimum 1500 kvinner for det årskullet som er inne til sesjon, seier ho.

I dag er det rundt 700 kvinner som gjennomfører førstegongstenesta kvart år.

Skal vere kvalifiserte
Forsvarsministeren understrekar at både kvinner og menn i førstegongstenesta skal vere kvalifiserte til stillingane dei blir plassert inn i. Det må gjerast ein kritisk gjennomgang av krava som blir sett til stillingane.

– I denne gjennomgangen må vi sjå på om dagens kravsetting er basert på reelle behov i dagens forsvar. Vi har behov for meir kvinnekompetanse i Forsvaret, og då må vi ikkje leggje til dømes unaudsynte strenge fysiske krav som motarbeider dette, seier ho.

Det har vore ein målsetting om 20 prosent kvinneleg befal og verva i Forsvaret innan 2020. For å nå dette, må Forsvaret ha betydeleg fleire kvinner inne til førstegongsteneste enn i dag.

– Ein kvote på 1500 er sannsynlegvis eit særs forsiktig tiltak i så måte. Vi må òg jobbe vidare med andre tiltak for å vise jentene kva for høve dei har i Forsvaret. Vi må rekruttere, halde på og forfremje kvinnene. Forsvaret har sett inn mange gode tiltak dei siste åra, med tett oppfølging av jenter etter sesjon og spesielt fram mot opptak til befalskole. Likevel får vi ikkje nok jenter inn i Forsvaret, understrekar Faremo.

Faktaboks

Stortinget vedtok endringar i vernepliktslova frå 1. januar 2010. Det var to viktige endringar. Sesjon vart pliktig for begge kjønn og todelt. Ungdomen som er født i 1992 er dei første som gjennomfører sesjon etter ny modell.
Sesjon del 1 er ein nettbasert eigenerklæring. (60.000 ungdomar)
Sesjon del 2 er oppmøte på sentera til eit sesjon for dei som er valt ut etter del 1. (25.000 ungdomar)