Her går folketalet nedover

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folketalet vil vekse i alle fylka i landet fram mot 2015, men svært lågt eller nesten ikkje i Sogn og Fjordane, Nordland og Troms, heiter det i den nyaste folketalsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå (SSB). Ser ein vekk frå innvandringsoverskotet, vil folketalet synke i Hedmark, Oppland, Telemark, Sogn og Fjordane, Nordland og Troms.

– Dette er skremmande tal, men det er viktig å sjå kva vi kan gjere for å motverke dette snarare enn å gje opp, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til NRK i dag. Ifølgje NRK vil Sogn og Fjordane berre bli 2000 fleire fram til 2030, medan Hordaland fylke får ein befolkningsauke på storleik med heile Sogn og Fjordane.

Mindre kommunar slit
Tala frå SSB viser at det er i det mindre kommunane at ein har problem med å halda folketalet oppe.

– Dette må vera eit tankekors for motstandarane av kommunesamanslåingar, skriv Bergens Tidende på leiarplass.

Mindre innvandring
Tala frå SSB viser og at innvandringa til landet har gått noko ned frå 2008 til 2009, og dette er ein trend som er venta å halde fram.

I 2013 er det venta at folketalet vil passera fem millionar.

 

Kva meiner du skal til for å motverka den sterke sentraliseringstendensen? Del tankane dine i kommentarfeltet!