Den siste olja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein munter tone i pressemeldinga som Olje- og energidepartementet (OED) sende ut i samband med statsbudsjettet denne veka. «Aktivitetsnivået i petroleumsnæringen er fortsatt høyt», heiter det. «Det bores mange letebrønner og det gjøres mange funn.» «Næringen genererer store statlige inntekter.» Kvar for seg er ikkje desse påstandane usanne. Men optimismen verkar pussig når ein ser på dei hardare tala.

Ti prosent fall
Av pressemeldinga går det nemleg fram at oljeproduksjonen på norsk sokkel truleg kjem til å falle med heile fem prosent frå i fjor til i år, medan gassproduksjonen er venta å auke med to prosent. Meldinga seier merkeleg nok ingenting om forventa norsk oljeproduksjon i neste år – den viktigaste variabelen av alle for norsk økonomi. Tala for dette er heller ikkje å finne i budsjettproposisjonen frå Olje- og energidepartementet.

Men av ein tabell i Nasjonalbudsjettet går det fram at oljeproduksjonen er venta å falle over fem prosent til frå 2010 til 2011. Slår den prognosen til, vil altså produksjonen av olje, Noregs desidert viktigaste handelsvare, vere redusert med over ti prosent på berre to år. Det er dramatisk, og ingen andre store oljeland i verda har eit så raskt fall i produksjonen sin. Men dette fallet finn altså ikkje Olje- og energidepartementet nokon grunn til å framheve når statsbudsjettet skal leggjast fram.

Politisert informasjon
– Det er symptomatisk at Olje- og energidepartementet ikkje legg fram tal for neste års produksjon. Det har irritert meg lenge kor politisert og upresis informasjonen frå departementet er. I staden får vi meldingar som skal signalisere optimisme, seier Helge Ryggvik. Han er forskar ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo og forfattar av boka Til siste dråpe. Om oljens politiske økonomi.

– Olje- og energidepartementet vil teikne eit bilete av ei lys framtid, men pressemeldinga fortel ikkje noko om dei interessante tala, dei som syner den forventa produksjonen og dei på­­viste ressursane. Meldinga framstår som politisert og lite fagleg.

Heilt til slutt i pressemeldinga frå OED står denne optimistiske setninga om petroleumsressursane på norsk sokkel: «De totale utvinnbare ressursene på sokkelen anslås til om lag 13,4 millioner Sm3 (standard kubikkmeter, red.merk.) oljeekvivalenter. Etter 40 år med produksjon er 60 prosent av ressursene ennå ikke utvunnet.» Bortsett frå ein litt uheldig inkurie – det skal vere 13,4 milliardar, ikkje millionar kubikkmeter – læt dette betryggande. Men det som ikkje står der, er at påstanden byggjer på eit særs usikkert anslag over dei totale ressursane, eit anslag som inkluderer store mengder olje og gass som ikkje er funne – og som kanskje ikkje finst.

– Det talet dei legg fram der, er eit fantasital. Departementet burde vere forplikta til å fortelje oss kva ressursar som faktisk er påviste, meiner Helge Ryggvik.

– Når departementet skriv av 60 prosent av ressursane ikkje er utvunne, er det basert på ei forventing om framtidige funn som er svært usikker. Og når ein ser på den fallande utviklinga til den faktiske produksjonen på norsk sokkel, er det vanskeleg å tru på at 60 prosent av ressursane skal vere att.

Produksjonstoppen på norsk sokkel var i 2000 og 2001. Sidan da har oljeproduksjonen falle med over ein tredjedel, og Helge Ryggvik ser ingen grunn til å tru at fallet skal stogge.

– Selskapa leitar no i ytterkantane av dei interessante områda på norsk sokkel. Og dei funna som blir gjorde, blir mindre og mindre for kvart år. Det vi veit, er at ein no har henta opp 80 prosent av dei oljereservane som er påviste. Så finst det ein del meir gass. Men om gassen skal kompensere for fallet i oljeproduksjonen, vil også gassreservane falle raskt.

– Veldig open line
Olje- og energidepartementet har ikkje hatt noko ønske om å kamuflere fallet i oljeproduksjonen, forsikrar Gaute Erichsen, avdelingsdirektør i analyse- og marknadsavdelinga til OED.

– Det er ikkje nokon løyndomar her. Men vi skreiv om 2010-produksjonen i pressemeldinga fordi det er mindre uvisse om talet for i år enn for neste år.

– Det er no venta eit fall på ti prosent i oljeproduksjonen på norsk sokkel på berre to år. Det er ganske dramatisk og burde vel framhevast når statsbudsjettet blir lagt fram?

– Oljeproduksjonen har falle heilt sidan toppen i 2001, og det er noko vi forheld oss til i analysane våre. Det er ei problemstilling vi har høgt oppe på dags­ordenen. Men vi kan ikkje adressere alle problemstillingar vi er opptekne av i ei einskild pressemelding.

– Tala for oljeproduksjonen er kanskje dei viktigaste av alle for norsk økonomi. Da burde dei vel vere høgt oppe på lista når statsbudsjettet skal presenterast?

– Vi har gjort ei vurdering og har valt å fokusere på dei tala som ligg inne i pressemeldinga. Det er tal som vi veit mange har spørsmål om. Vi har ei veldig open line om oljeproduksjonen i Noreg i forhold til andre land og har ingen løyndomar.

– De slår fast i pressemeldinga dykkar at 60 prosent av ressursene på norsk sokkel enno ikkje er utvunne. Burde de ikkje da seie frå om at det totale ressurs­overslaget inkluderer olje og gass som enno ikkje er funne, og som kanskje ikkje finst?

– Du har heilt rett i at det er stor uvisse kring anslaga over uoppdaga ressursar. Men det finst mykje underlagsinformasjon frå oss og Oljedirektoratet der den uvissa blir presentert, seier Gaute Erichsen.

Ikkje så gale, heller
For ordens skuld: Trass i det dramatiske fallet i oljeproduksjonen på norsk sokkel blir petroleumsinntektene til Noreg svært store også neste år. I statsbudsjettet er statens nettoinntekter frå petroleumsverksemda venta å bli på 265 milliardar kroner i 2010 og er venta å auke til 288 milliardar kroner i 2011. Det er langt under rekordåret 2008, da petroleumsinntektene til staten var 416 milliardar, men framleis eit høgt tal historisk sett. Høgare oljepris og større gassproduksjon er med på å kompensere for fallet i oljeproduksjonen neste år.

Så spørst det om Oljedirektoratets prognosar for olje- og gassproduksjonen neste år er meir realistiske enn dei har for vane å vere. Gong på gong har den verkelege petroleumsproduksjonen på norsk sokkel skuffa i forhold til prognosane. Produksjonen av gass i år ligg til dømes an til å bli fire prosent lågare enn det vart spådd i det salderte budsjettet for 2010 – for fem månader sidan.

LES SAKA I DAG OG TID!

 

Kva bør Noreg leva av etter olja? Del tankane dine i kommentarfeltet!