Kjende forfattarar frå Samlaget har byrja å blogga!

mm

Ragnar Hovland, Aina Basso, Agnes Ravatn, Brit Bildøen, Magnhild Bruheim, Arnfinn Kolerud og Ingelin Røssland er nokre av forfattarane som har byrja å blogga på Samlags-bloggen.

Agnes Ravatn rolpar med kjende nynorskfolk, Ragnar Hovland skryt over effektiviteten sin, medan til dømes Ingelin Røssland har som mål å svara på spørsmål om korleis det er å vera forfattar. Den seinaste boka til Røssland heiter Engleslakt og handlar om journalisten og bråkmakaren Engel Winge. Dette er siste boka i ein triologi, og du kan finna meir ut om bøkene ved å besøka www.engelwinge.no. Der kan du også høyra utdrag frå bøkene.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27
ANNONSE