Her får du støtte til gode idear

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan vere frustrerande å sitja på ein god idé, men mangle midla til å gjennomføre han. Heldigvis finst det fleire ordningar der du kan søkja om støtte.

– Kvamsøyveka går ut på å samla seks unge kunstnarar og seks unge musikarar og skapa! forklarar Jullie Hjetland Jensen.

Kunstnarane fekk vera med på ein workshop i aluminiumstøyping, medan musikarane fekk vera med på ein workshop i improvisasjon med Maja Ratkje.

– Etterpå heldt me utstilling og konsertar. Me reknar med å gjenta suksessen til neste år! fortel ho vidare.

Gå til Fjesbok-sida til Kvamsøyveka!

Aktiv ungdom
Kvamsøyveka fekk støtte frå Aktiv Ungdom, EU sitt ungdomsprogram for ikkje-formell læring. Dei gjev støtte til lokale prosjekt som involverer meir enn fire ungdommar mellom 15 og 25 år. Dei har òg ei rekkje andre støttetiltak frå alt frå demokratiprosjekt til utveksling.

Tidlegare i år laga åtte ungdomar frå Søndre Holmlia aktivitetssenter ein dokumentarfilm om lokale og globale miljøutfordringar i samarbeid med den lokale Rusken-aksjonen – med støtte frå Aktiv Ungdom. Totalt deler dei ut 16 millionar kroner til ungdomsprosjekt i Noreg og Europa.

Frifond
Den statlege støtteordninga til aktivitetar for born og unge heitar Frifond. Viss de er under 26 år kan de søkja om Frifond-midlar. Dei fleste kan søkja og mange får tilskott. Nettsidene til Frifond er laga spesielt for dykk som søkjer på anten, musikk, teater eller born og unge generelt. Totalt blei 168 millionar kroner delt ut i 2009.
Frifond har støtta store festar, kaninhoppkonkurransar, designgrupper, konsertar, festivalar, bygging av skaterampar, produksjon av filmar og syklubbar for berre å nemne noko.

Trafo
Trafo.no er eit nasjonalt tilbod til unge mellom 16 og 22 år. Trafo skal stimulere skapande evner, hjelpe fram frittståande prosjekt, tilretteleggje for sjølvstendige, kreative arbeidsformer og møter mellom unge kunstnarar og profesjonelle miljø.

Støtteordningane til LNU
Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner administrerer ei rekkje nasjonale og internasjonale støtteordninger. Blant støtteordningene er "Mangfald og inkludering", som er mynta på born og unge som ynskjer å setje fokus på mangfald, haldningar og deltaking. Dei administrerer òg "Kulturmidlane". Ordninga kan støtte organisasjonar sine prosjekt innan musikk, dans, drama, kunst, film, kulturminne og dessutan ei blanding av slike uttrykk.

Nordiske kulturfond
Nordiske kulturfond har som oppgåve å stimulere og støtte det nordiske kultursamarbeidet.

Svensk-norsk samarbeidsfond

Formåla til fondet er å fremje svensk-norsk samarbeid, særleg på det kulturelle området, og dessutan å virke for gjensidig utveksling og informasjon om kulturelle tilhøve i Sverige og Noreg.

Valhalla
Valhalla er Nordisk Ministerråd sin portal for barne- og ungdomskultur i Danmark, Finland, Færøyene, Grønland, Island, Noreg, Sverige og Åland. Formålet er å auke deltakinga, interessen og kunnskapen til ungdom born for kultur, politikk og samfunn i Norden. Sjå oversyn over Nordisk kulturfond sitt støtteordningar!

Organisasjonsstøtte
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Fordelingsutvalet administrerer fleire tilskotsordningar. Det er berre organisasjonar som kan søkja desse tilskotsordningane.

Masterstipend
Alarga tilbyr ein stipendordning til studentar med to utanlandsfødde foreldre av ikkje-vestleg landbakgrunn. Kvar stipendmottakar blir tildelt eit stipend på 100.000 kroner fordelt over to år.

Eurodesk
Eurodesk har laga ein database over stipend- og støttemoglegheiter, studie- og jobbmoglegheiter i utlandet. Denne basen har ei mengd program og ordningar som kan vere aktuelle.

Her ser du andre støtteordningar!