Får skulepris av Sonja

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen går kvart år til ein skule som utmerkar seg ved å ivareta likeverd og inkludering på ein god måte. Kaupanger skule har ifølgje juryen utvikla gode og allsidige opplæringsopplegg for ein mangfoldig elevgruppe. Dette arbeidet har vist gode resultat i trivselsundersøkelser og på eksamen og nasjonale prøver.

Skulen har teke imot elevar frå asylmottaket i Sogndal og brukt røynslene deira som ein viktig ressurs i opplæringa.

Elevane ved Kaupangar får omfattande opplæring i demokratiske prosessar og deltek aktivt i klasseråd og elevråd. Dei har fått gjennomslag for fleire forbetringstiltak som utforming av klasserom, læremiddel og metodar.

Skulen satsar på at elevar som er teorisvake skal få utvikle talentane sine innan musikk og kunst. Kaupanger kan vise til fleire døme på at dette har styrkt sjølvkjensla og sosial status til enkelelever.

Hennar majestet Dronning Sonja har teke initiativ til denne skoleprisen for likeverd og inkludering, som blir delt ut for femte gongen i år. Vinnaren blir valt ut av ein jury leia av professor dr. philos Edvard Befring. Prisen er på 150.000 kroner, eit diplom og ein litografi av kunstnaren Eli Hovdenak.