– Mobbaren får det vanskelegast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mobbar og hamnar i fengsel

Eit av dei viktigaste og vanskelegaste poenga i skuletimen/kampanjen mot digital mobbing, «Bruk hue», som turnerer ungdomsskulane i Noreg, vart gøymt til slutt. Og lite streka under. Mobbaren er den som oftast får det vanskeleg vidare i livet, syner statistikken – og ikkje slik ein skulle tru, den som vert mobba.

Dette vert fortalt etter at elevane er vist ei rad døme på ungdommar som har vore utsette for mobbing på mobil og nett, og at dette ved fleire høve har ført til sjølvmord. Men likevel, vert det så sagt, er det mobbaren som får det vanskelegaste. Kvifor det er slik, vart det ikkje sagt noko om.

LES OGSÅ: Til kamp mot grov mobbing

«Bruk hue» er ei storsatsing som Telenor, Raudekrossen, Barnevakten og Medietilsynet står bak. Gjennom ein kort og amatørmessig film om eit mobilbilete på videvanke, og stadige innskot frå programleiaren Ole (han presenterte seg ikkje vidare for elevane) med leiande og pedagoiske spørsmål, får elevane vita kva som kan skje om ein ikkje brukar hovudet i omgang med mobiltelefonar og Internettet. Til slutt fekk dei lista opp kva lovar som gjeld og kva straff ein kan få.
 
– Veit ikkje om mobbing
– Det var gøy og interessant. I alle fall ikkje sånn, «Gu? kor kjedeleg», seier åttandeklassingen Anna-Christin Berger Falk. Ho og dei tre andre jentene me trefte etter mobbetimen i auditoriet på Stord ungdomsskule, meinte alle dei hadde hatt utbytte av «Bruk hue».

– Veit de om slik mobbing?

– Nei, ikkje på Stord.

– Trur de at «Bruk hue» vil føra til mindre mobbing?

– Me trur i alle fall at me kjem til å snakka meir om det, og vera meir på vakt, viss nokon i klassen vert mobba.
 
– Viktig at foreldra følgjer med
– Me har ikkje hatt døme på alvorleg digital mobbing her på skulen dei siste par åra. Men me hadde eit grovt tilfelle for nokre år sidan. Då var det foreldre som tok dette opp med oss, og som hadde teke vare på datautskrifter, seier rektor på Stord ungdomsskule, John Karsten Raunholm.

– Det er umåteleg viktig at foreldra er observante på dette problemet. Sjikanering på nett og mobiltelefonar går som oftast føre seg på elevane si fritid. På skulen merkar me det gjerne etter helgane når det oppstår konfliktar mellom elevar, seier Raunholm. Foreldra til åttandeklassingane på Stord ungdomsskule var inviterte til å vera med på eit program om digital mobbing måndag kveld.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!

Faktaboks

70 prosent av alle unge i Noreg seier at dei sjølv eller nokon dei kjenner er blitt utsett for digital mobbing. Telenor, Raude Krossen, Barnevakten og Medietilsynet går no saman i kampanjen Bruk huet!

Sjå òg Slettmeg.no og Ung.no/mobbing!