Fryktar at 21.000 kjem på bursdag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rebecca Javeleau frå England fyller 15 år 7. oktober. Men korleis feiringa blir, er det ingen så veit. Ho misforstod nemleg korleis ein legg ut invitasjonar på Facebook, og har sidan skapt ein storm på internett etter at over 21.000 personar har sagt dei vil koma i bursdagen hennar.

– Pass på
Lars-Henrik Paarup Michelsen i Slettmeg.no rådar folk til å vera merksame på kven ein deler informasjon med på Facebook.

– Kvar og ein bør tenkja gjennom kor tilgjengeleg ein vil at informasjonen om deg skal vera. Om infoen skal vera mogleg å søkja i på Google, og om kommersielle selskap skal få tilgang på privat informasjon. Alt dette er justeringar du kan gjera. Men ikkje tru at noko du legg ut på internett forblir privat, seier han til Framtida.no.

Politiet fryktar kaos
Politiet i småbyen Harpenden er no tvinga til å trappa opp patruljeringa i gata til jenta i frykt for at nokre Facebook-brukarar vil dukka opp og skapa kaos.

– Festen hennar er kansellert og ho vil vera heldig om ho får eit bursdagskort frå meg etter dette. Eg sa ho kunne ha 15 vener med til festen, seier mor til jenta, Tracey Livesey til The Telegraph.

– Rebecca har ikkje forstått personverninnstillingane på Facebook og ho har mista internett som eit resultat av dette. Eg har tatt datamaskina frå henne, så ho vil ikkje gjere den feilen igjen, held mora til jenta fram.

Kritisk til Facebook
– Politiet har kontakta Facebook, men har ikkje høyrt noko frå dei, noko som er litt skuffande. Det bør vere retningslinjer og personverninnstillingene bør endrast, seier Tracey Livesey til The Telegraph.

Det er ikkje første gong ein festinvitasjon på Facebook fører til bråk. I februar vart eit fredeleg familiehus forvandla til ei slagmark etter at Rachel Ross inviterte til fest i heimen i Merseyside. Det vart meldt om skadar for 15.000 pund.

Profiltjuveri
Slettmeg.no får ei rekkje spørsmål kvar dag om misbruk av opplysningar på nettet.

– Profiltjuveri har me fått fleire meldingar om. Om mobilen eller pcen blir stolen, hender det at andre tek kontroll over profilen og eposten din, seier Paarup Michelsen til Framtida.no.

Han rådar òg folk til å gå inn og sjekka personverninnstillingane på Facebook kvar gong ein knytar ei ny teneste til profilen sin.

– Det mest personvernvenlege er ikkje standard. Ein må gå inn i ettertid å endra på dette. Det er også noko av kritikken mot Facebook, seier han.

Faktaboks

Her er nokre råd frå Slettmeg.no:
– bruk passord. Ikkje gjer pålogging automatisk.
– ikkje bruk epostprogram eller Facebook til lagringsplass.
– spør deg sjølv om alle venene dine på Facebook er ein venn. Vil du dela alt med Facebook-venene dine?
– sjå gjennom personverninnstillingane dine.