Til kamp mot grov mobbing
- Det ligg mange triste skjebnar bak tala i rapporten, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Grov mobbing
Kunnskapsministeren varslar nye tiltak mot mobbing etter å ha motteke gjennomgangen til fylkesmennene av saker som rører læringsmiljøet.
– Rapporten frå fylkesmennene avdekker at mobbesaker blir liggjande altfor lengje før dei blir gjort noko med. Det er i alle interesse at mobbesaker blir løyst så tidleg som mogleg på lågast mogleg nivå, siar kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Vil utgreie regelverket
No skal ein utgreie kva som kan blir gjort med regelverket.
– Vi er blant anna opptekne av å finne ut om elevane har god nok rettstryggleik. I tillegg skal vi sjå på ei ordning med eit eventuelt elevombod som kan rettleie og hjelpa elevar som kjenner seg mobba, siar kunnskapsministeren.
Utdanningsdirektoratet vil få i oppdrag å lage malar for korleis skular og foreldre skal gå fram når dei skal følgje opp mobbesaker.
– Dette er noko eg tek på høgaste alvora og vil gjere noko med, både når det gjeld regelendringar og meir førebygging, siar kunnskapsministeren.