Laurdag mottok musikaren Odd Nordstoga frå Vinje årets Storegutpris.

Geir Ufsn, VTB.no
Geir Ufsn, VTB.no

Storegutprisen er ei påskjønning til nokon som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom. Under Litteraturdagane i Vinje i helga var det laurdag festkveld i Edland med utdeling av årets Storegutpris.
Odd Nordstoga, ein av dei store musikarane i Noreg, har i årevis servert tekstar på vinjemål. Artisten har klart å få med svært mange i Noreg til å syngje med på nynorsk og dialekt.

– Det er ei stor ære å dele ut Storegutprisen til Odd Nordstoga, sa Sondre Bratland på ein godt besøkt festkveld i Storegutsalen i Edland.

Halde på nynorsken
Ein blid Nordstoga spratt opp på scena for å ta imot blomar og ein bronseskulptur av Storegut.

– Eg kan ikkje klage på at eg ikkje er prispåskjønna før. Men det er noko heilt eige å få ein pris av eigen kulturkrins, og som har greie på det og set høge krav, sa Nordstoga etter overrekkinga.

Han syntest det var veldig stort og flott å få Storegutprisen. Nordstoga ser det som viktig å vere ein representant for nynorsken, og seier det er svært når andre set pris på det.

Nordstoga bur i Oslo. I det daglege arbeidsmiljøet er han aleine om å bruke vinjemål.

– Eg prøvar å vere god til å halde på språket, men det er ikkje så lett. Hadde eg vore heilt ute, hadde eg vel ikkje fått Storegutprisen, seier Nordstoga til VTB.

Etter å ha gjeve ut debutalbumet «Something Odd» i 1997, følte Nordstoga at det einaste folk merka var at han song på dialekt.

– Slik er det ikkje lenger, slår vinjekapasiteten fast med eit smil.

Festkvelden laurdag blei ein stor dag for han.

– Ein blir liksom godtatt av sine eigne, avsluttar Nordstoga, den populære nynorsksongaren som er klar med ny plate 2. oktober.

Les saka på VTB.no!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27
ANNONSE