Sjølvsagt nynorsk i Volda
Eit treårig prosjekt frå Volda ungdomsskule har gitt både lærarar og elevar betre kunnskap om kva som skal til for å bli ivrige nynorskbrukarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elevane i prosjektet har fått betre tilgang på nynorsk litteratur i biblioteket i løpet av prosjektperioden. 47 prosent av jentene og 43 prosent av gutane seier i ei avsluttande spørjeundersøking at dei er heilt eller delvis samde i påstanden om at dei les fleire bøker på nynorsk no enn dei gjorde då prosjektet tok til. 42 prosent seier dei meiner det er viktigare å lese nynorskbøker no enn dei gjorde for tre år sidan.
Ikkje uventa meiner dei fleste at skrivinga har vore viktigast for at dei har blitt gode i nynorsk rettskriving, og heile 80 prosent av elevane opplever at dei meistrar nynorsk rettskriving svært godt eller nokså godt.
Samstunmdes viser kartlegginga at elevane i liten grad nyttar nynorsk i nye medium. 34 prosent av gutane og 53 prosent av jentene skriv sjeldan eller aldri e-post på nynorsk, medan 46 prosent av gutane og 72 prosent av jentene oppgjer at dei sjeldan eller aldri chattar på nynorsk. Ein av fem gutar bruker nynorsk i SMS, medan berre seks prosent av jentene gjer det same. Dialekt er ikkje ein faktor i desse tala.
Prosjektet Sjølvsagt nynorsk starta i 2007 då elevane byrja i 8. klasse og vart avslutta i vår når elevane var ferdige i 10. klasse. Som eit resultat av prosjektet er det no utvikla ein eigen modell med fagplanar for norskundervisning, "Voldamodellen".