Populært med praktisk fag

Nesten 70 prosent av ungdomsskuleelevane meiner at arbeidslivsfaget har gjort skulekvardagen betre.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette viser ei ny undersøking.

– Undersøkinga viser at vi kan gjere mykje for å motivere elevar som synest ungdomstrinnet blir for teoretisk. Dette er eit viktig tiltak som kan hindre frafall seinare i utdanningsløpet, seier avdelingsdirektør Laila Fossum i Utdanningsdirektoratet, som står bak undersøkinga.

Undersøkinga viser at arbeidslivsfaget er mest populært blant gutar, og at elevane som vel faget, har noko lågare karaktersnitt enn gjennomsnittet.

Arbeidslivsfaget vart innført som ein prøveordning på 16 skular i skuleåret 2009/2010. Elevane på 8. trinn har fått tilbod om å ta praktiske fag som alternativ til framandspråk og til fordjuping i norsk, engelsk eller samisk. I arbeidslivsfaget har elevane utvikla tenester og produkt med utgangspunkt i yrkesfaglege utdanningsprogram på vidaregåande.

Forsøket med arbeidslivsfaget starta i 2009 og går over fire år. Forsøket vart utvida til å omfatte fleire skular frå 2010. Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet vil vurdere om faget skal bli ei fast ordning i god tid før forsøket avsluttast i 2013, heiter det i ei pressemelding.