Ungdom mot EU?

Sveinung Rotevatn
Publisert
Oppdatert 31.08.2020 17:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For oss EU-tilhengjarar er ikkje meiningsmålingane god lesnad om dagen. Stadig fleire nordmenn seier nei til EU, og dette gjeld ikkje minst ungdomen. Kvifor er norsk ungdom tilsynelatande så skeptiske til europeisk samarbeid?

Det nærmar seg 16-årsjubileet for folkerøystinga i 1994. Med andre ord er det no snart 1 million veljarar som aldri har fått sagt si meining om EU-spørsmålet. Dette burde normalt sett få hjarta til å banke på Europahuset, sidan ungdom generelt er meir kosmopolitiske, framtidsretta og liberale enn sine foreldre. Då burde dei jo vere for EU – eller?

Vel, tala kan tyde på noko anna. I august kunne Nationen melde at heile 63 prosent av ungdom under 30 år seier nei til norsk EU-medlemskap. Rett nok er det eit enormt EU-engasjement i somme ungdommelege lag av befolkninga (den som tvilar kan ta ein tur på Unge Venstres sommarleir), men å kalle dette ei folkerørsle vil vere å ta litt hardt i.

Som ein varm EU-tilhengjar har eg tenkt ein del på kvifor ikkje fleire ungdommar deler mitt syn på europeisk samarbeid. EU-spørsmålet er sjølvsagt kontroversielt i alle lag av folket, men eg trur likevel det er særleg fire årsaker til at ungdomen er ekstra skeptiske til Europa:

1) Ingen offentleg debatt
EU-spørsmålet har i praksis vore dødt sidan 1994. Dersom ein legg til grunn ein politisk modningsalder på 16 år, har nesten to millionar nordmenn aldri vore vitne til ein ordentleg EU-debatt. Eg var sjølv sju år i 1994, og var langt meir oppteken av Teenage Mutant Ninja Turtles enn konsekvensane av Maastricht-traktaten.

2) Lågt kunnskapsnivå
Dette heng sjølvsagt saman med punkt 1, sidan ein offentleg debatt fører til grundig drøfting og testing av påstandar. Eg trur særleg Noreg sine ekstremt tette band til EU gjennom EØS-avtalen er noko mange nordmenn har låge kunnskapar om. Eg hugsar sjølv frå mi eiga samfunnsfagbok at EU-spørsmålet stort sett vart oppsummert med at «folket røysta nei til EU i 1994. Nasjonal kontroll over landbruk og fiskeriressursar var sentrale nei-argument».

3)  Ein oppvekst utan grenser
Mange ungdomar tek nok for gitt at dei kan reise passfritt i stort sett heile Europa, at dei kan studere kvar dei vil og at dei kan kjøpe varer og tenester over heile Europa. Alt dette har skjedd på grunn av EU, og norsk ungdom nyt fruktene av arbeidet gjennom EØS-avtalen, Schengen-avtalen osb… Dei fleste grenser er allereie opna for dagens generasjon med ungdomar.

4) Mykje negativt EU-fokus
Dei siste to åra har EU- og euro-samarbeidet gått gjennom ein tøff periode som følgje av finanskrisa. No er det rett nok ingen som hevdar at korkje EU eller Hellas ville kome seg betre gjennom krisa utan euroen eller EU-samarbeidet, snarare tvert om, men det negative inntrykket ligg likevel fast. Nasjonale politikarar hjelper heller ikkje på inntrykket, sidan dei konsekvent skuldar på EU for det som er upopulært hjå veljarane, slik som konkurranse på tenester og postlevering, men sjølve tek æra for meir populære EU-tiltak som sterkare forbrukarrettar og betre vasskvalitet.

Det er liten tvil om at ja-sida har ei stor utfordring med å vekke EU-engasjementet hjå ungdomen.

Personleg får eg heilt vondt i magen når eg tenkjer på at eg lever under lover og reglar som er utforma av politikarar eg aldri har røysta på. Eg blir frustrert når mine vener frå Danmark, Tyskland, og Spania kan røyste på liberale parti til Europaparlamentet – og eg ikkje kan røyste på Venstre. Eg blir lei meg når Noreg ikkje er ein full bidragsytar til det viktigaste freds- og demokratiprosjektet i europeisk historie, men i staden snik seg unna med avlatspengar i EØS-kontingent.

Vidare blir eg varm om hjartet når eg tenkjer på at tidlegare fiendar no samarbeidar i staden for å slåss. Eg blir glad når eg ser at EU sørgjer for vekst, velstand og demokrati i dei tidlegare lutfattige kommunist-republikkane i Aust-Europa. Eg vert fylt med framtidstru når eg ser at EU – i motsetnad til Noreg – faktisk klarer å få ned klimagassutsleppa sine gjennom forpliktande samarbeid og felles reglar.

Men det er kanskje berre meg?