Fleire får hjelp etter sjølvskading

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Éin av fire fekk hjelp frå helsevesenet, medan cirka halvparten fekk hjelp frå familie eller vener, viser to spørreundersøkingar blant 19.000 norske skuleelevar.

– Studien tyder på at barrierane for å søkja hjelp blant desse sårbare ungdomane er redusert sidan 1990-talet, seier SIRUS-forskar Ingeborg Rossow i ei pressemelding.

– Endringar i samfunnsmessige tilhøve, som betre tjenestetilbud og økt medieoppmerksomhet kan vere med å forklare dette, seier Rossow vidare.

Fleire mottek hjelp
Blant dei 1.401 elevane som rapporterte vilja egenskade, hadde 23 prosent fått handsaming eller hjelp frå helsevesenet og 47 prosent hadde fått hjelp av familie eller vener. Delen som hadde fått hjelp auka frå 1994 til 2002.

I løpet av denne perioden var det òg ein betydeleg auke i mengder instansar ungdomane hadde motteke hjelp frå. Delen som rapporterte å ikkje ha motteke hjelp i det heile etter vilja egenskade gjekk ned frå 49 til 40 prosent.

Ungdom som òg rapporterte selvmordsforsøk hadde i større grad motteke hjelp, både frå helsevesenet og frå familie eller vener.

Gutar og ungdom med svakare foreldretilknytning hadde i mindre grad motteke hjelp.

Mindre barrierar
– Berre om lag éin av fire ungdomar ser ut til å ha vore i kontakt med helsevesenet etter vilja egenskade. Men den auken i delen som har fått hjelp anten via profesjonelle eller uformelle kanalar tyder likevel på at barrierane for å søkja hjelp er redusert i løpet av denne åtteårs-perioden, seier Rossow.