Yrkesintervju: Bibliotekar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Namn: Marie Chetwynd Eikeland
Alder: 29 år
Yrke: bibliotekar
Arbeidsplass: Sandefjord bibliotek, Sandefjord.

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har alltid vore ein lesehest. Eg ynskte å jobbe med bøkar og formidling. Samstundes er folkebiblioteket noko eg brenn for. Det er utruleg viktig med ein institusjon som gjev alle like høve til å skaffe seg informasjon og orientere seg i informasjonsjungelen.

Kva for arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

– Det viktigaste er å hjelpe publikum med å finne bøkane eller informasjonen dei leitar etter. I tillegg til den publikumsretta biten er det mykje kontorarbeid. Katalogisering, å registrere bøkar, filmar, lydbøker og musikk vi har kjøpt i katalogen vår, bok- og mediaval, planlegging av arrangement og utstillingar og møte med samarbeidspartnarar.

Kva for ei utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt for å bli bibliotekar?

– Bibliotekarutdanninga er ein 3-årig bachelorutdanning du kan ta ved Høgskulen i Oslo (HiO) eller ved Universitetet i Tromsø. I tillegg kan du gå vidare å ta mastergraden. Dei fleste vel utdanninga ved HiO; det gjorde òg eg. Då eg byrja, hausten 2002, var det mogleg å sy saman ein bachelorgrad med to år bibliotekfag og minst eit anna fag frå universitet/høgskule. Eg valde dette, og gjekk deretter to år på bachelorstudiet og over på mastergradsstudiet ved HiO.

Kva er det beste med yrket ditt?

– Det bestet er at det er så variert. Ingen dagar er like. Det er ei fin blanding mellom publikumskontakt og kontorarbeid. Samstundes er det mange ulike arbeidsoppgåver på kontoret – og ein veit jo aldri kva for spurnader lånarane har til deg i rettleiinga. I tillegg er det stor stasen å jobbe med bøkar og ulike kulturarrangement.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Det er ikkje noko eg direkte mislikar med yrket mitt, og no er eg heilt ærleg. Det einaste er at det sjølvsagt ikkje alltid er like moro med kvelds- og laurdagsvakter, som eg som folkebibliotektilsett har. Eit anna aspekt er den økonomiske situasjonen: Folkebiblioteka er kommunale, og kommunane har jo ikkje så god råd. Det er ikkje moro når vi ikkje har råd til å kjøpe dei bøkane vi vil, eller manglar pengar til å gjennomføre andre ynskte tiltak.

Kva for andre arbeidsområde finst innanfor yrket ditt?

– Kva for andre høve du har, avheng litt av kva for fag du har fordjupa deg i på studiet, til dømes IT-fag eller litteratur. I tillegg til folkebibliotek, er det fag- og forskningsbibliotek (til dømes på universitet og høgskular) og òg andre spesialbibliotek. Einskilde bibliotekarar jobbar til dømes i arkiv, innanfor IT-sektoren eller i forlagsbransjen.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Som nyutdanna bibliotekar (med treårig høgskoleutdanning) i eit folkebibliotek utanfor Oslo, er grunnlønnen frå 310.000 til 353.00 med ti år ansiennitet. Kva du får i løn avheng av kva for bibliotek du jobbar i (kommunalt, statleg, fylket, privat), stillinga du har og utdanninga di. Man blir nok ikkje søkkrik av å jobbe som bibliotekar.

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Som i mange andre yrker, er det mange om beinet på det sentrale Austlandet, såg kor lett det er å få jobb varierer med kor mobil du er sjølv. Det er fleire bibliotekarstillingar enn ein kanskje trur, og òg mange andre stillingar ein kan søkja på. Eg vil anse høva til å få jobb med ein bibliotekarutdanning som gode.