– Folkevalde må spegla folket

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Talet på unge i kommunestyra er gjekk nedover for alle parti sett under eitt. I 2007 kom det inn 46 færre representantar under 25 år i kommunestyra. Generalsekretær i AUF, Julie Lødrup, kommenterer dette slik:

– Det er synd at det totalt er færre unge representantar i kommunestyra enn tidlegare. Samstundes er AUF nøgde med at vi i 2007 fekk valt inn fleire unge representantar enn i forrige periode. Vi vil fortsetje å jobbe for at denne gode trenden i Arbeidarpartiet held seg, og håpar at dei andre ungdomspartiene òg vil ta tak.  

Jobbar målretta
AUF jobbar for å aktivisere ungdom over heile landet i politikken, både i AUF og i Arbeidarpartiet, held Lødrup fram.

– Fylkeslaga og lokallaga våre nominerer AUFarar til listene til kommune- og fylkestingsvala og vi jobbar målretta for å få dei nominert og valt.

LES ÒG: Gubbevelde styrer kommunane

– Det er viktig at dei folkevalde organa speglar heile folket, òg dei unge. Kommunepolitikk påverkar ungdom – korleis skulen skal vere, kulturtilbud, samferdselspolitikk – berre for å nemne noko. Då må ungdom òg vere med å avgjere. Dessutan er det utruleg mange dugelege ungdomar over heile landet som norske kommunestyre ikkje har råd til å gå glipp av!

– Valkomiteen må ta ansvar

Siv Tørribakken (Ap), fylkesrådleiar i Hedmark, meiner nominasjonsprosessane i partia har ein stor del av ansvaret for at ikkje fleire unge kjem inn på listene.

– Det går på autopilot heile tida. Det blir sendt ut brev, og det er lite nytenking rundt nyrekruttering, sa ho til Politisk Kvarter på NRK P2 13. september.

Ho rådar partia til å oppsøkja andre møteplassar der andre typar folk er.

Vel sjølv
Leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar, Bjarne Dæhli, meiner at folk rundt om i dei ulike kommunane ville ha merka det om ungdom hadde tatt styringa. Mange avgjerder rundt ungdom sin kvardag blir tatt i kommunestyresalen, som pengar til fritidstilbod eller oppussing av skular.

– Tenk deg korleis kommunen din ville sett ut om ungdom bestemte i alle saker, og gå så og stem 12.september neste år. Viss ikkje er det nokon andre som vel for deg, åtvarar Dæhli i ei pressemelding.

Han håpar at det komande valet blir eit ungdomsval.