– Få forstår eksamensreglane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av 9566 eksamenssvar i Hordaland, kom det berre 284 klagar. Av desse er 189 ferdig handsama. 22 av dei fekk betre karakter, medan berre tre fekk dårlegare karakter. Det viser ei oversikt bt.no har henta inn.

– Me ser heilt klart at elevane ikkje får god nok informasjon om rettane sine rundt eksamen. Mange veit ikkje korleis dei skal klaga, seier Marcus Irgens, leiar for Elevorganisasjonen i Hordaland til bt.no.

Sjå reglane for å klaga på karakteren HER!

Har du klaga på karakteren før? Fortel korleis det gjekk i kommentarfeltet!