Kvifor er eple frå Argentina billeggare enn eple plukka i nabobygda di?

Hei du!

Eg skal freista forklare kvifor eg den 9.august 2010 starta på bachelorgraden i samfunnsøkonomi ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap. Dersom du ikkje er interessert  vil eg gjerne gjera deg interessert. Til dømes, veit du korleis kan det ha seg at eple som er dyrka, hausta, pakka, skipa frå Italia og Argentina kan vera billigare enn norske eple produsert i nabobygda, når me sel dei i den same butikken? Og tykkjer du at du bruker mykje pengar på mat? Det gjennomsnittlege talet i Noreg har legi på rundt 11% av disponibel inntekt det siste tiåret på matvarer. Til samanlikning bruker ein i enkelte austeuropeiske land opp imot 50%. Det er rett som folk flest seier at matvareprisane stadig aukar, men endringa får meir dramatiske konsekvensar i andre deler av verda.

Frå 2007 til 2008 auka prisen på ris, korn og vegetabilsk olje kraftig. Som ein følgje av prisauken auka kostnadene av import av ris, korn og vegetabilsk olje i dei minste utvikla landa med 37%. Det anslåtte talet på menneske som levde i ekstrem fattigdom auka med 75 millionar menneske og vart til saman 125 millionar menneske på grunn av dei stigande matvareprisane . Dette skjedde i løpet av eit år. Når desse menneska vert fattige, kva er det som skjer og korleis kan ein førebyggje mot dette?

Klimapolitikk

Jordbrukspolitikk er òg klimapolitikk , både når det gjeld bruk av vatn, sprøytemiddel  og arealforvaltning i produksjonen, foredlingsprosessen, pakking og transport av varene. Kan det  vera god klimapolitikk å subsidiera norsk lammekjøt i staden for å kjøpa dette frå New Zealand? Kva med tomatar: skal dei dyrkast i oppvarma drivhus i Noreg, eller fraktast ferdigmodna frå Spania? Disponerer me nok areal og vatn til å møta dei stadig stigande krava til meir kjøt?  

Medan eg skriv dette drikk eg ein kopp kaffi og kjem dimed på at forbrukaren har ei viktig rolle i jordbruksdiskusjonen. Er kaffibønnene økologiske, rettferdige dyrka eller er dei drive fram ved business as usual? Er du miljøvenleg dersom du ikkje et kjøt av klimavenlege omsyn, men  
byter ut kjøtet med varer transportert frå den andre sida av jordkloten: avokado frå Peru eller sharonfrukt frå Sør-Afrika? Kor mykje ansvar har ein sjølv for historia til den maten ein et?   

Kan ikkje eta energi
Det er som kjent mykje debatt kring fornybar energi og miljøvenlege tiltak. Det er riktig og viktig, men det må ikkje skugga over dei andre viktige krisene me òg må møta samstundes som energikrisa. Grøn energi er bra, men den kan ikkje etast. Dei siste 40 åra har Noreg som ein samla nasjon hatt ein aukande tendens til å tenkja at maten kan produserast i andre land. Så lenge ein har pengar, kan ein kjøpa alt. Men tilbod- og etterspurnad-modellen gir ingen garanti for at det finst eit tilbod sjølv om det er ein stor etterspurnad. Det er kanskje noko den nye generasjonen samfunnsøkonomar burde ta med seg inn i yrkeslivet. Eg trur eg går på lesesalen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27

LES OGSÅ

ANNONSE