Om berre utlendingane hadde gitt litt dårligare gåver, så hadde ikkje dette vore eit problem.

mm

Norske statsrådar har tatt imot dyre gåver på tur. Skikkelige norske statsrådar, til og med. Som Jonas Gahr Støre og Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Denne avsløringa har naturligvis fått stor plass i media. Spesielt i VG, avisa som stod bak avsløringa. Journalistar har jo alltid vore på vakt mot alt som luktar av korrupsjon. På dette feltet er nulltoleranse det einaste alternativet, elles risikerer vi å ende med eit samfunn der journalistar tek imot gratisreiser eller forlangar fribillettar til idrettsarrangement.

Norges skarpaste og mest perspektivrike politiske kommentatorar var som alltid raskt ute med å meine akkurat det same som journalistane i VG, og det same som kvarandre, samtidig, i kor.

Det kom også kjapt kritiske kommentarar frå politikarar i andre parti. Og frå AP-politikarar som har innsett at dei sjølve aldri kjem til å bli statsrådar.

Dei fleste politikarane ser ut til å vere samde om at ein ikkje bør ta imot dyre og flotte gåver, men har litt ulike syn på nøyaktig kvar grensa går for kva gåver som er akseptable.

Erna Solberg sa for eksempel til VG: «Man bør unngå å ta imot annet enn suvenirer.»

Det er med andre ord greitt å ta imot gåver, så lenge dei er stygge og ikkje kan brukast til noko.

Siv Jensen kom i same avis med to eksempel på akseptable gåver: «Det er uproblematisk hvis det er snakk om en asjett fra Kina eller en tallerken fra Tyskland.»

Neste gong nokon prøver å gi eit teppe til ein norsk statsråd, bør altså statsråden spørje høflig om han kan få bytte teppet i servise.

Statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen varslar at reglane for politikargåver no skal endrast. I dagens reglar står det:

«I henhold til praksis har departementenes politiske ledelse mottatt vanlige erkjentlighetsgaver og gaver som kan utveksles ved for eksempel besøk til eller fra utlandet. For øvrig utvises stor tilbakeholdenhet med hensyn til å motta gaver.»

Schjøtt-Pedersen og AP vil trulig foreslå følgjande tillegg:

«Med ‘stor tilbakeholdenhet’ menes det at statsråder ikke bør ta imot gaver som er av en sånn karakter at det vil virke skikkelig klysete hvis det omtales på førstesiden i en stor avis. Ved en gaveoverrekkelse bør politikeren alltid vurdere hvordan den aktuelle gaven vil se ut sammen med ordet «luksus-» på en førsteside. «Luksus-tepper» og «luksus-klokke» er med andre ord uakseptable gaver. Gaver som kan mottas er for eksempel: «Luksus-blomsterbukett», «Luksus-trolldeigfigur» og «Luksus-rar-dings-laga-av-lokale-barn.»

Andre parti vil nok også komme med sine innspel til nytt regelverk. SV vil sannsynligvis fremje eit forslag om at politikarar berre kan ta imot gåver laga av kunstnarar frå minoritetsgrupper som har fått skikkelig betalt for kunsten sin. SP vil berre akseptere gåver produsert utanfor hovudstaden i det aktuelle landet. Høgre vil som nemnt berre akseptere stygge gåver, og FrP vil berre ta imot fat. Eventuelt vil FrP gå inn for å fjerne heile problemet ved at norske politikarar sluttar å ha kontakt med utlendingar.

Resultatet vil uansett bli eit nytt regelverk som er like uklart som det gjeldande regelverket, men på ein annan måte.

Så er det berre å vente på neste avsløring.

Og då får vi håpe at Jonas Gahr Støre veit å oppføre seg annleis enn han har gjort denne gongen. At han blir sur og skjeller ut journalistar for ope kamera, for eksempel. Eller at han i det minste stotrar og sveittar mykje meir. Dette handlar om å vere litt audmjuk og vise litt respekt for dei som jobbar med å avsløre ting. Han må forstå at når nokon endelig har klart å ta Norges flinkaste politikar i å gjere noko dumt, då er det frustrerande å oppdage at han  er ganske flink til det også.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE