mm

Hol og Leka er best i landet på pc i skulen. Leka i Nord-Trøndelag hadde i fjor 0,9 elevar per pc. Lenger sør i same fylke, i Frosta, måtte fleire enn ni elevar dela på éin pc i 2009. Dette viser tal frå KOSTRA.

Råde, Storfjord, Værøy, Meland og Eidsberg er kommunar der fleire enn seks elevar måtte dela på éin pc.

Allereie for fire år sidan føreslo eit utval nedsett av Kunnskapsdepartementet at maks to ungdomsskuleelevar skal dela på éin pc, medan maks fire elevar på mellomtrinnet skal dela éin pc. Men berre ein liten brøkdel av elevane i landet er i dag to på ein pc.

Digital kompetanse er ein av dei fem grunnleggjande dugleikane som skal gå inn i alle faga, ifølgje Kunnskapsløftet. I Soria Moria-erklæringa frå 2005 lova Stoltenberg-regjeringa at alle lærarar og elevar skal ha tilgang på pc.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE