Er det ok at skattebetalarane sine pengar vert brukte til å fremje nasjonalistiske, konkurransevridande merkeordningar? Nei? Då vil eg rå deg til å ligge unna produkt som er merka «Nyt Norge».

Fleire har kanskje merka seg at ein del produkt i daglegvarehyllene har byrja å dukke opp med merkelappen «Nyt Norge». Først rynka eg berre litt på nasen, men etter å ha studert kampanjen nærare har eg kome til følgjande konklusjon: Dette er konkurransevridande og nasjonalistisk misbruk av skattepengar.

Kampanjen har til føremål å fortelje forbrukarar kva produkt i matvarebutikken som er mest norske. Ifølgje Nyt Norge kan ein som forbrukar då vere «trygg på å få matvarer der hensynet til dyr, mennesker og miljø er ivaretatt på en god måte».

Som om «norsk» skulle vere eit slags synonym for etisk høgverdig matproduksjon.

Reklame for ein skjerma sektor
Eg skal la debatten om kor «trygge» norske matvarar er la ligge for denne gong, og nøyer meg med å konstatere at dyrevelferden på mange norske gardsbruk er under ein kvar kritikk, til dømes på kyllingfarmar.

På nettstaden til Nyt Norge kan ein, i tillegg til å lese rosande omtalar av norske landbruksprodukt, lese nyhendesaker som «Vil Frp legge ned norsk landbruk?». Javel – så kampanjen har altså som delmål å drive partipolitikk for regjeringspartia? Eg er ikkje imponert.

Det eg likevel reagerer mest på, er at kampanjen vert administrert og marknadsført av KSL matmerk, som er ei stifting oppretta av Landbruks- og matdepartementet. Kvifor i alle dagar skal det offentlege reklamere for norske landbruksprodukt?

Offentlege monopolistar
Vi snakkar trass alt om ein skjerma sektor, der skyhøge tollsatsar for utanlandske produkt i praksis gjev norske bønder monopol på ei rekkje landbruksvarer.

På den andre sida er det jo ikkje heilt uvanleg at offentlege monopolistar  – av uvisse årsaker – får drive med reklame. Det skal til dømes godt gjerast å sjå på TV, lese i aviser eller gå i butikken utan sjå Norsk Tipping sine rådyre reklamekampanjar. Å delta i lukkespel er visstnok så farleg for oss borgarar at staten må ha monopol på verksemda, men tydelegvis ikkje farleg nok til at vi ikkje skal oppmodast til å spele.

Som ein liten digresjon kan ein spørje seg kvifor i alle dagar Vinmonopolet, som på alle måtar kan samanliknast med Norsk Tipping, ikkje får lov til å reklamere for produkta sine etter Dagsrevyen, eller sjarmere det frivillige Noreg gjennom ein eigen grasrotandel.

Uetisk landbrukspolitikk?
Men tilbake til Nyt Norge: Dersom norske landbruksprodukt verkeleg er så overlegne utanlandske produkt, kvifor må staten bruke pengar på fortelje det til forbrukarane? Kan vi ikkje få avgjere dette sjølve?

Personleg meiner eg at norske landbrukssubsidiar, inkludert denne nye merkeordninga, er djupt uetiske. Dei drøye 20 milliardar skattekronene vi kvart år tek frå skule, helse og miljøtiltak for å subsidiere norsk landbruk, kunne vore brukt til langt betre føremål – også i distrikta.

Når ein samstundes fråtek meir effektive gardsbruk i Polen, Danmark eller Kenya retten til å tilby oss rimelege og gode matvarer, meiner eg at norsk landbrukspolitikk har bevega seg frå å vere nostalgisk naiv til å bli beint fram uetisk.

Lat oss velje sjølve
Eg tvilar ikkje på at norske landbruksprodukt på mange område kan vere vel verdt eit par ekstra kroner på prislappen. Til dømes er det mykje norsk sauekjøt som er av (særs) høg kvalitet, og som eg gladeleg betalar dyrt for å kunne putte på juletallerkenen.

Men om norske landbruksprodukt (generelt) er så overlegne som Nyt Norge hevdar, kan ein spørje seg kvifor dei ikkje vågar å konkurrere med utanlandske landbruksprodukt – på like vilkår.

Staten har ingenting med å forfordele norske landbruksprodukt gjennom merkekampanjar og tollmurar. Vi som borgarar bør sjølve få lov til å velje om vi vil nyte Noreg.

Oppdatert: måndag 31. august 2020 17.34

LES OGSÅ

ANNONSE