Frå fantasy til barneagentar

Samlaget la nyleg fram ei variert haustliste.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Totalt presenterer Det Norske Samlaget elleve debutantar denne hausten, åtte som skriv for vaksne, og tre som skriv for barn og unge.

Eg er stolt over å kunne leggje fram ei haustliste som inneheld heile elleve debutantar. Det er altså så mange som har komme trygt gjennom den lange og krevjande prosessen det er å utvikle eit manus til det som blir ein bokdebut. Dette er gode bøker, som vil bli viktige for mange lesarar.

– Samlaget satsar medvite på dei nye stemmene og bruker store ressursar på å hjelpe fram dei nye forfattarane. Det er desse som skal skrive bøkene i tiåra framover. Utvikling av skjønnlitterære forfattarskap er framfor alt langsiktig arbeid, det einaste som kan gi eit forlag resultat som varer over tid, med andre ord: litterær kapital, seier forlagssjef Margit Walsø i ei pressemelding.

Variert liste
Aino Basso debuterer denne hausten med vaksenlitteratur. Fange 59. Taterpige er eit sterkt portrett av ei ung jente som får livet snudd opp ned. Med seg på debutantlista for vaksenlitteratur har ho Atle Berge, Sindre Ekrheim, Ingvild Holvik, Ragnhild Kolden, Berit Rødstøl, Kristin Sørsdal og Terje Tørrisplass.

Av omsett skjønnlitteratur presenterer Samlaget i haust den danske forfattaren Pia Juul. Boka hennar, Mordet på Halland, er hylla av eit samla dansk og svensk kritikarkorps. I tillegg introduserer Samlaget ein ny krimserie av Matti Rönke, Finlands svar på Mankell, med handling frå grensetraktene mellom Russland og Finland.

Ny drakt
Lista viser elles at Samlaget si satsing på barne- og ungdomslitteratur held fram, med ein sterk debut frå Asbjørn Rydland, som kjem med fantasy-romanen Drakeguten, og Cherub-serien, ein britisk barneboksuksess som endeleg kjem på norsk. Serien fortel om livet til hemmelege barneagentar som infiltrerer kriminelle miljø.

Samstundes kjem Samlaget også med nye nettsider og ny profil.

– I år møter me dykk i ny drakt. I tillegg til å lansere bøkene våre har vi også lansering av ny logo, ny heimeside på samlaget.no og ja; heilt ny visuell profil, som det heiter – rett og slett ny Samlags-bunad, kunne forlagsdirektør Tove Lie slå fast i ei pressemelding.