Ein heilt vanlig dag på fest

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Frp-lokalpolitikaren med det for meg noko framandarta namnet Christian Tybring-Gjedde har fått mykje merksemd etter at han i ein kronikk denne veka slo fast at fleirkultur er idioti som kan komme til å rive landet vårt i filler, og at han sjølv aldri kjem til å svike sitt land ved å akseptere eit fleirkulturelt samfunn.

Han har fått mest kjeft. Men også litt ros. Mellom anna frå Vigrid-gründeren Tore Tvedt, som meiner Tybring-Gjedde har stoff i seg til å bli ein finfin rasist ein dag, men at han godt kan sleppe seg litt meir laus.

Det Tybring-Gjedde har fått altfor lite merksemd for, er sin analyse av norsk fest-kultur.

Då han skulle svare kritikarane sine, slo han først fast at han umulig kan vere rasist sidan han både kjenner utlendingar og har vore i utlandet, før han i VG på fredag sa at han representerer fleirtalet og «sier det du hører på fest og i selskaper».

Det er med andre ord grunn til å lure på kva slags festar Tybring-Gjedde går på.

Det veit vi jo faktisk litt om, sidan han også har uttalt seg om ei anna sak denne veka, til og med ei festrelatert sak: Jonas Gahr Støres femtiårslag. Gjedda er sterkt kritisk til at kronprinsparet er invitert til Støres fest. Han meiner dette er eit eksempel på at dei rike og mektige rottar seg saman, og antydar at dette samrøret mellom politikk og kongehus må stoppe før det tek heilt av, elles risikerer vi å hamne i ein situasjon der statsrådar og kongelige driv og heng saman på slottet kvar fredag.

Vi kan altså slå fast at dette er den typen festar Tybring-Gjedde ikkje går på.

Han går på noko han tydeligvis trur er heilt vanlige festar, der samtalen går omtrent slik:

-Hei! Stig på.

-Takk takk.

-Står til?

-Å, du veit, det går no mykje i det same. Jobbing. Ungar som skal køyrast på trening. Fleirkultur som riv landet vårt i filler.

-Ja, det er vel så det. Har du forresten tenkt noko på å svike landet ditt og akseptere feirkultur?

-Nei, eg trur ikkje det er noko for meg. Du då?

-Eg trur ikkje det blir med meg heller. Eg liker ikkje å dolke min eigen kultur i ryggen.

-Nei, det er noko med det. Elles då? Alt vel?

-Heilt greitt. Har vel ikkje vore det beste vêret i sommar, men…

-Eg høyrde det. Eg har vore bortreist i nokre månader.

-Javel. Kvar då?

-I utlandet.

-I utlandet? Så du har greie på det du snakkar om, du altså?

-Det er liksom ikkje måte på.

-Sett deg. Tapas?

-Det skulle tatt seg ut.

Slik har Tybring-Gjedde det. På fest. Som skal vere hyggelig. Og han trur tydeligvis det er slik dei fleste nordmenn har det på fest. Og likevel meiner han at det ikkje er noko gale med norsk kultur?

 

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 28. august.