Bjørn Sortland blir festspeldiktar

Framtida
Publisert
Oppdatert 09.10.2020 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rasmus Løland var ein av dei første norske forfattarane som såg verda frå borna sitt perspektiv. I 2011 er det 150 år sidan han vart fødd. Barne- og ungdomsforfattaren Bjørn Sortland frå Bømlo blir festspeldiktaren i 2011.

– Sortland er ein forfattar som har stor respekt for lesarane sine, også dei aller minste, skriv Aasentunet  i ei pressemelding. Han er kjend for ein lett og humoristisk stil, samstundes som han tek born og unge på alvor. Eit godt og gjennomarbeidd språk er også karakteristisk for bøkene hans, som kjem ut på forlaget Aschehoug. Sortland har fått mange prisar, både nasjonale og internasjonale, mellom dei siste er Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2008 for Alle har eit sultent hjerte.

– Forfattarskapen til Bjørn Sortland spenner så vidt at publikum i alle målgrupper nok skal få møte festspelforfattaren på fleire arrangement, seier programansvarleg Åshild Widerøe i meldinga. Ho lovar også noko flunkande nytt og nyskrive frå Sortland til Festspela. Bjørn Sortland skriv for mange ulike målgrupper og han er svært produktiv. Han er ein forfattar som har stor respekt for lesarane sine, også dei aller minste. Han er kjend for ein lett og humoristisk stil, samstundes som han tek born og unge på alvor. Eit godt og gjennomarbeidd språk er også karakteristisk for bøkene hans, som kjem ut på forlaget Aschehoug. Sortland har fått mange prisar, både nasjonale og internasjonale, mellom dei siste er Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2008 for Alle har eit sultent hjerte.

Bjørn Sortland skriv på heimesida at han syns det er stas å bli gjort stas på, og han ser dei som ei ære å bli invitert til dette. Sortland har skrive bøker i ulike sjangrar for barn, unge og vaksne. Bøkene hans er gitt ut i USA, Canada, Italia, Frankrike, Spania (på spansk, katalansk og baskisk), Nederland, Tyskland, Austerrike, Sør-Korea, Taiwan, Sverige, Danmark, Færøyane, Finland, Egypt og Palestina.

Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena. Les programmet her.

For meir informasjon om Rasmus Løland-markeringa kan du besøkja nashornet.no.