Livet er eit spel


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innom desse områda også dei tallause såkalla psykologiske spela, og som om ikkje dette var underhaldning mangfaldig og spanande nok, kjem altså i tillegg kortspela, TV- og dataspela, brettspela og all den vanvitige idretten.

Av desse har eg i mi tid streifa innom dei fleste. Av kortspel har eg prøvd så mangt, men jamvel den suverene bridgen, der eg tidvis har gjort det godt, vurderer eg no å slutte med.

Spelet i seg sjølv er fantastisk komplekst, men det blir for traurig og utan brodd i lengda. TV- og dataspela er det så vidt eg gidd å nemne, der gav eg meg heldigvis i god tid, idet min barndoms grandiose konsoll, den eminente Super Nintendo Entertainment System, vart avløyst av fancy maskineri eg korkje prøvde eller ynskte å skjøna.

Den dag i dag har eg spelet Donkey Kong liggjande i ei skuffe, det er ei fantastisk oppvisning i funky instrumentalmusikk og akrobatisk gymnastikk, men også dette er redusert til rein nostalgi og vil vel aldri bli heilt det same som for tolv, tretten år sidan.

Av brettspel har eg i sosiale samanhengar briljert og mora meg i klassikarar som Trivial Pursuit og geografispørjespelet Airport, men etter ti glas vin kan jamvel dét bli slitsamt.

Idretten

Sist, men ikkje minst har vi idretten, og heller ikkje den har eg eigentleg mykje eg kan seia om. Som dei fleste på min alder dreiv eg med fotball heilt til eg skjøna kor fullstendig talentlaus og uinteressert eg eigentleg var, sannsynlegvis endå lenger.

I ettertid har eg iallfall prioritert å prise meg lykkeleg for at eg slutta før eg vart fullstendig nedsnøa, framfor å irritere meg over dei tallause timane av mine beste år eg øydsla vekk på dette vaset.

Dette ikkje til forringing av dei som framleis driv med eller interesserer seg for idrett, eg vil berre føreslå for alle som er i tvil å tenkje gjennom forholdet sitt til fenomenet, for verda har verkeleg meir å by på.

Då stikk eg under stol min eigen fascinasjon for snooker, dart og sumobryting, men dette definerer eg som kunst meir enn idrett.

Ein kategori innan spel har eg med overlegg unnlate å nemne, og det er dei varierte aktivitetane ein kan sortere under den vide nemninga pengespel.

Pengespel

Når ein føler seg mislykka innan alle andre greiner, frå femkort til kjærleik, trur eg dette er ein utveg. Det klassiske, som er å spela vekk nokre hundretusenar på blinkande automatar, har jo i dette nisselandet vorte vanskeleggjort av politikarar som openbert meiner at folk har betre å bruke pengane sine på, kva no dét skulle vera.

Tipping slutta eg med etter den gongen eg hadde elleve rette i fotball og fekk utbetala nøyaktig kroner null, fordi alle resultata låg heilt opp i dagen.

Men så såg eg ein av mine personlege favorittar på TV-skjermen, den irske bokhandlaren Bernhard Black, som ein gong vart fullstendig spelegalen og difor hysterisk då travbanen stengde for kvelden.

Naudløysinga han føreslo var å arrangere eit eige veddelaup, mellom dei to gamle damene bak skranken. Det var då den tanken slo meg som eg for så vidt lanserte allereie innleiingsvis i dette langtekkelege resonnementet, nemleg at det er mange, uendeleg mange spel ein kan spela i denne verda.

For om ein ikkje driv med TV-spel, har uflaks i kortspel, aldri blir invitert til dei hyggelege kveldane med brettspel og kvitvin, så kan ein likevel vedde om utfallet av ein omgang Donkey Kong, eller mattis, eller Trivial Pursuit for den del.

Kvardagslege spel

Likeins med alle hendingar i kvardagen, som om bussen kjem for tidleg eller seint, om temperaturen ligg over eller under nullpunktet, om kvar det neste store jordskjelvet vil inntreffe, kva som skjer med konflikten i Jemen … Dette er det berre fantasien som avgrensar, knapt nok den.

Det er sjølvsagt ein føremon om ein har eit bettingselskap tilgjengeleg for å fikse formalitetane, eller i det minste at nokon finst som ein kan vedde med.

Men eventuelt kan ein gjera det med seg sjølv, eller i verste fall, om ein ikkje har nervar til anna, nøye seg med å kalkulere oddsen nøyaktig, og sjå kor godt ein treffer med analysane sine.

Eg har rekna på det, og ser det som nitti prosent sannsynleg at eg til middag i morgon vil lage pannekaker. At desserten blir riskrem, derimot, kan det vanskeleg vera meir enn ein tiendels sjanse for. Kor sannsynleg er det forresten at nokon kjem til å gjennomføre desse søkte forslaga? Maksimum éin prosent.