Middels kultursjokk

Åsne Ø. Høgetveit
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det kan vera nokså avgjerande ting, som at ein ikkje kan forvente varmt vatn or varmtvasskrana, eller sentralvarmesystem som vert slege på på ein viss dato, uavhengig om det er kaldt i vekene før det, og varmt dagane etterpå. Til dette høyrer og å ikkje kunne drikke kranvatn, men måtte filtrere og koke det før det kan brukast. Men slike ting er saker ein ofte høyrer om før ein reiser til ein stad.
Det ein kanskje ikkje høyrer om før ein fer er slikt som kva som finns i daglegvarebutikkar og ikkje. Det er noko ein sjølv må røyne. Til dømes å finne potetgull med krabbesmak eller soppsmak, kyr på hermetikk, og pannekaker med laks og kaviar. Og at ein vanlegvis ikkje vaskar opp med oppvaskbørste, men med svamp, slik at det er ekstremt vanskeleg å oppdrive ein skikkeleg oppvaskbørste som held meir enn ein vask.
Og så er det sjølvsagt forskjell på folk, og kva som er rart og vanleg å gjere i land langt heimanfrå (om ikkje geografisk så kulturelt).  Ein skal gjera noko veldig spesielt når ein er ute og joggar i Noreg for at folk skal snu seg etter ein. Kanskje viss det er midt på natta, og veldig dårleg ver. Andre stadar er det langt vanlegare å sjå folk fulle eller ridande til hest klokka ni om morgon enn å sjå nokon trene. Og for ikkje å snakke om forskjell i oppfatting om kva som er god sørvis i butikkar. Når ein ikkje er van med det kan det ta litt tid før ein ven seg til butikkdamer som nærast bryt seg inn i prøverom utan å spørje, som tek til å kle på ein, og som dyttar og skuvar for å få att glidelåsen når ein sjølv for lengst hadde gjeve opp.
Men viss det aller artigaste med å vera i utlandet er å finne alle dei rare, små forskjellane, så er kanskje det nest artigaste å finne alle likskapane. Det er fort gjort at ein ikkje tenkjer over det, når ein likevel har kultursjokk så det held. Men litt etter litt så stikk dei seg fram, serleg gjennom samtalar. Ein kan kanskje seie at det er nett det at ein har så mykje sams, trass alt, som gjer det mogleg å bli kjent.