Vil knekka kiropraktor-utdanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil knekka kiropraktorskule

Det er ti år sidan Stortinget vedtok at Norge skal få si eiga kiropraktorutdanning. Seinast i haust la Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) fram eit budsjettforslag til Kunnskapsdepartementet. I årets statsbudsjett er det ikkje sett av midlar til ei kiropraktorutdanning ved UiO, men Jakob Lothe, leiar i Norsk Kiropraktorforeining, har tru på at utdanninga blir etablert i løpet av dei neste åra.

Les også:Kiropraktikk skaper konflikt

– Muskel- og skjelettlidingar kostar Noreg 70 milliardar kroner i året, og me er blant dei som er mest spesialiserte på nettopp dette. No må det prioriterast i statsbudsjettet av regjeringa, seier Lothe.

Skeptikaren
Ikkje alle er einige med han. På Det Norske Videnskaps-akademi (DNVA) er hallen stappfull av professorar og akademikarar. Dei har samla seg for å snakka om pseudovitskap, og på talarstolen står professor Edzard Ernst. Han er verdas første professor innan komplementær medisin, som kombinerer alternativ og konvensjonell medisin. Ernst har forska på alternativ medisin i over 20 år og gitt ut 48 bøker. Eit gjennomgåande tema i desse har vore skepsis til ulike praksisar innan alternativ medisin, som til dømes kiropraktikk. Denne kvelden held Ernst eit foredrag om kjenneteikna til pseudovitskap.

– Pseudovitskap er noko som utgir seg for å vera vitskap, men som faktisk utnyttar vitskapen, seier Ernst.

Her i Norge er kiropraktikken framleis omdiskutert, sjølv om det er 25 år sidan kiropraktikk vart ein offentleg godkjend helseprofesjon, noko som til dømes ga kiropraktorane moglegheit til å skriva ut sjukemeldingar. Norsk Kiropraktorforening meiner ei eiga, norsk utdanning er det siste steget på vegen heilt inn i varmen.

Men at kiropraktikken skal aksepterast fullt ut, er Edzard Ernst svært skeptisk til.

– På ein god dag kan eg sei at kiropraktorane er like gode som kven som helst andre til å behandla ryggsmerter. På ein dårleg dag ville eg formulert meg slik: Dei er like dårlege som alle andre til å behandla rygg.

– Sjå framover
Leiar i Norsk Kiropraktorforeining, Jakob Lothe, fnyser av det Ernst seier. Han meiner ei norsk kiropraktorutdanning vil vera eit positivt steg, og at me no bør løfta blikket framover.
– Dette er som eit gufs frå fortida. Kiropraktorane er ein stor ressurs for helsevesenet. Kan me ikkje heller fokusera på korleis kiropratorane kan styrka helsevesenet innan muskel- og skjelettlidingar?

– Det mest idiotiske eg har høyrt
Ein kritikk som har blitt retta mot kiropraktorane, er at mykje av resultata berre er placebo-effekt. Dette avviste Jakob Lothe i ein artikkel i Aftenposten i februar, der han skriv at «pasienten opplever gjennom kroppsleg erfaring at behandlinga virkar».

– Det er det mest idiotiske eg har høyrt, svarar Edzard Ernst då han får presentert utsagnet til Lothe.

– Placebo-effekten er nettopp det, ei subjektiv, symptomatisk betring i kroppen. Han verkar berre veldig feilinformert, eller så vil han promotera yrket sitt. Noko som er tilgiveleg, men framleis idiotisk.

Svaret provoserer Lothe.

Ernst jobbar utifrå ei skrivebord-sanning, svarar Lothe på den kraftige påstanden.

– Poenget mitt er at dei fleste kiropraktorpasientar erfarer bedring. Å påstå ovanfor dei at det som skjer på kontoret her er berre innbilling, er noko pasientane fnyser av. Lat oss heller vera nyfikne og undersøka kva som skjer, seier han.

Placebo er, ifølgje Store Norske Leksikon, den positive effekten ein pasient kan få av forventinga om betring.

Ikkje forskingsbasert
Lars Engebretsen, professor ved Det medisinske fakultet ved UiO, støttar forslaget om ei kiropraktorutdanning i Norge.

– Kiropraktikken er godkjend som yrke i Noreg. Samstundes er kiropraktorane utdanna mange stader rundt i verda, ved institusjonar som ikkje ville blitt godkjend om dei hadde blitt kontrollert av norske myndigheiter. Eg meiner at Noreg bør ta ansvaret for utdanninga og i tillegg forsking, som det er stort behov for innan kiropraktorfeltet.

– Kva blir det vitskapelege grunnlaget for utdanninga som eventuelt kjem til UiO?

– I dag er det ikkje grunnlag for å sei at utdanninga blir forskingsbasert, rett og slett fordi mykje av denne forskinga ikkje eksisterer. Men medisinsk fakultet har lange og gode forskingstradisjonar som vil komma kiropraktorfaget til gode.

Jacob Lothe meiner mangelen på konkret forsking er eit av hovudargumenta for at det bør opprettast ei kiropraktorutdanning i Noreg.

– Eit fråver av institusjonstilhøyrigheit gjer det vanskeleg å komma opp på eit ordentleg forskingsnivå.

Nonsens må vekk
Edzard Ernst trur ikkje institusjonstilhøyrsle er alt som skal til for at han skal akseptera kiropraktikken.

– For å bli eit akademisk felt må kiropraktikken kasta vekk all nonsens som er knytt til feltet. Og det er gode argument for at om du gjer det, endar du opp med fysioterapi, seier han.

Dette svaret ga han og til forsamlinga på DNVS, då Jens Ivar Brox, professor i fysikalsk medisin var og til stades under foredraget til Ernst. Brox har tidlegare stilt seg kritisk til innføringa av ei kiropraktorutdanning på UiO.

– Kiropraktikk-faget held seg framleis til ein del teoriar som er veldig lause. Slik sett tykkjer eg ikkje det høyrer heime på medisinsk fakultet.

Brox meiner derimot at utdanninga kan høyra heime på ein høgskule, der andre praktiske profesjonsutdanningar allereie er.

– Som Ernst sa, endar du fort opp med fysioterapi, som allereie er ei etablert utdanning. Om ein på død og liv vil ha denne utdanninga til Norge, kan den like godt integrerast i den utdanninga som allereie er der, seier Brox og siktar til fysioterapi-utdanninga som i dag hovudsakeleg ligg på høgskulane.

Tåler motstand
Jakob Lothe vert ikkje motlaus av skepsisen. Han meiner debatten liknar diskusjonen som gjekk på 70- og 80-talet og førte til at kiropraktikken vart autorisert i 1988.

– Det at enkelte professorar framleis utlyser skepsis får me leva med, men fakultetsleiinga har bestemt seg. Det er viktig for konteksten å hugsa på at Stortinget ba om at det skulle leggast til rette for kiropraktorutdanninga, og regjeringa gjorde det same for eit og eit halvt år sidan. No er det berre pengane i statsbudsjettet som manglar.

LES SAKA I UNIVERSITAS!

Faktaboks

Kiropraktikk

– Kiropraktikk er alternativ behandling som baserer seg på manuell manipulasjon av blant anna nakke og rygg.
– I 2004 vedtok Stortinget at det skulle etablerast ei kiropraktor-utdanning i Norge.
– I fjor haust la UiO fram eit budsjettforslag for utdanninga, men fekk ikkje bevilging i statsbudsjettet.
– I Norge er kiropraktikk autorisert som helseprofesjon, og rekna som ein del av helsevesenet. Dette vart vedteke i 1988.
– Kiropraktikk er sett på som ein trygg behandlingform av blant andre Verdas Helseorganisasjon, men får mykje kritikk for mangelfull forsking på feltet.

Edzard Ernst

– Verdas første professor i komplementær medisin
– Professor emeritus ved Exeter University i England
– Har publisert 48 bøker, blant anna Trick or Treatment .
– Gjekk ut i tidleg pensjon etter å ha blitt beskulda for brot på teieplikta etter «Smalwood-rapporten» i 2005. Beskuldingane kom frå sekretæren til Prins Charles, og Ernst vart frikjend etter etterforskinga.
Kilde: www.wikipedia.no