Vil ha meir valfridom på skulen

Åge Austheim (Frp) svarar på spørsmål om skulepolitikk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis kan ein motivere elevar til å fullføre vidaregåande opplæring?

– Ha fleire valfag i ungdomsskulen, auke valfridomen, elevmedverknad og yrkesrette den vidaregåande opplæringa, ha dugelege lærarar og meir tilpassa opplæring.

Korleis kan ein skaffe fleire lærlingplassar, og bør retten til lærlingplass lovfestast?

– Fleire lærlingplassar kan skaffast med aktivt arbeid frå sida til fylkeskommunen, særleg mot kommunane, ved å auke lærlingstilskotet og ved å fjerne arbeidsgjevaravgifta på lærlingplassar. Frp seier nei til lovfesting av lærlingplassar, men ja til fleire.

Kva skal ein gjere for dei som står utan læreplass på kort sikt?

– Tilby vidare skulegang elle råd i tilhøve til vidare arbeid.

Kvart år vel tusenvis av elevar ”feil” linje på vidaregåande, og må velje om att året etter. Kva kan ein gjere for at elevane vel rett i fyrste omgang?

– Betre vegleiarteneste og informasjonen om ulike utdanningstilbod i forkant.

Kva må gjerast for å sikre at elevane får reell tilpassa opplæring?

– Auke ressursane i vidaregåande opplæring og styrke lærarkompetansen.

Mange elevar må betale store summar for utstyret dei brukar på skulen, særskild på yrkesfag. Kva kan gjeras for å ivareta gratisprinsippet?

– Staten bør auke ressursane til dette formålet og fylkeskommunen bør vidareutvikle og utvikle nye partnarskap med næringslivet.

Mange opplever at eksamen er ein urettferdig måte å bli vurdert på ved slutten av skulegangen. Kva kan gjerast for at vurderinga blir rettferdig?

– Betre undervegsvurderinga og gje tilbakemeldingar sentralt om dårlege eksamensoppgåver.

Kva kan gjerast for at den einskilde eleven skal få meir å seie i sin skulekvardag?

– Vidareutvikle ordninga med undervisningsevaluering, auke valfridomen og styrke elevråda.

Kva kan ein gjere for å sikre at norske skulebygg er i forsvarleg stand?

– Staten bør auke ressursane til dette og gje rentefrie lån.

Korleis kan ein finne mange nok lærarar som er motiverte til å gjere ein god jobb, samstundes som dei har høg fagleg og pedagogisk kompetanse?

– Statusen på læraryrket må aukast ved løns- og arbeidsvilkår.

Faktaboks

Før sommaren spurte Framtida.no Elevorganisasjonen om dei kunne koma med ti viktige spørsmål om skulen som me kunne stilla til politikarane. LES SAKA! Me har stilt spørsmåla til unge politikarar i Møre og Romsdal. Sjå kva dei svarar:

Simon Molvær Grimstad (KrF): 4. september

Marit Nerås Krogsæter (Sp): 5. september

Åge Austheim (Frp): 7. september