Vil ha fleire enkle jobbar med låge løner for innvandrarar

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha fleire lågtløna jobbar til flyktningar

Sverige har tatt imot rekordmange flyktningar og asylsøkjarar dei siste par åra. Migrasjonsforskar Joakim Ruist, postdoktor ved Gøteborgs Universitet, seier landet no har ei kjempeutfordring med å integrera desse innvandrarane på arbeidsmarknaden.

– Me må anerkjenna at mange av desse innvandrarane faktisk har lågare ferdigheiter enn dei som allereie er i arbeid. Viss me insisterer på at dei kan bli like kvalifiserte, vil dei likevel mislukkast. Viss me vil gjera det betre med integreringa, må me finna måtar å skapa fleire enkle jobbar med lågare løner, sa Ruist under ein paneldebatt med nordiske forskarkollegaer i Oslo på fredag.

LES OGSÅ: – Flyktningar kjem igjen og igjen viss ikkje politikken blir endra

Mjuk utside og hard innside
Han argumenterte for at ein flat lønestruktur, der sjølv dei lågaste lønene er relativt høge, gjer det vanskeleg å koma i arbeid for dei som ikkje kan språket eller manglar erfaring og formell kompetanse.

– Sverige har ei mjuk utside og hard innside: Me har late mange koma inn, men å bli integrert og få jobb når du først er inne, er mykje tøffare, sa Ruist, og snudde på hovudet noko UiO-professor Grete Brochmann hadde sagt tidlegare i debatten: At dei nordiske landa tradisjonelt har hatt ei hard utside og ei mjuk innside, fordi dei kombinerer regulert innvandring med generøse velferdsordningar for dei som kjem inn.

LES OGSÅ: Lanserer 10 bod for betre integrering

Ulikskapen vil gå opp
Debatten, som var del av ein nordisk konferanse om migrasjon ved Universitetet i Oslo, handla mellom anna om korleis landa i Norden kunne ivareta samfunnsmodellen med sosial likskap og velferdsordningar i ein situasjon med auka internasjonal migrasjon.

– På kort sikt vil ulikskapen går opp, det kan me ikkje unngå. Gapet i ferdigheiter er for stort, sa Ruist, men la til at dette ikkje treng å rokke ved samfunnsmodellen som ein heilskap. På lenger sikt meinte han at solidariteten som ligg til grunn for den nordiske modellen er avhengig av at me også er generøse med folk som kjem frå fattigare delar av verda.

– Dei nordiske landa kan kombinera generøs asyl- og flyktninginnvandring med universelle velferdsordningar fordi det er den same tankegangen som ligg bak begge delar, sa Ruist.

Nordiske forskarar diskuterte migrasjon på Blindern på fredag. Frå venstre: Mats Wickström, Åbo Akademi; Per Mouritsen, Aarhus Universitet; Joakim Ruist, Gøteborgs Universitet; Grete Brochmann, Universitetet i Oslo.

Danmark er idealet
Dei andre i panelet ville ikkje utan vidare støtta forslaget om fleire enkle jobbar med lågare løner.

– Viss me byrjar med dette, vil det ha innverknader på heilt grunnleggjande mekanismar i velferdsmodellen vår. Men eg vil gjerne vita meir om korleis du meiner dette skal fungera, og kva slags jobbar du ser føre deg, sa Grete Brochmann med adresse til Ruist.

– Vel, det vakre med marknaden er at du ikkje treng å vita det på førehand, svara Ruist, og viste til at lågare løner vil gjera det lønsamt å tilsetja folk for å gjera ting som

– Eg er ikkje villig til å gå lenger enn kva me har gjort i Danmark allereie, sa professor Per Mouritsen frå Universitet i Aarhus.

– Det vil ikkje eg heller, understreka Ruist, og viste til at Danmark i dag har større spreiing i lønsnivået enn dei andre nordiske landa. Han la også til at gapet i arbeidsløysa mellom unge og eldre vaksne er mindre i det sørlege nabolandet.

– Sverige bør ikkje bli som USA. Men kanskje me bør bli som Danmark, sa han.

LES OGSÅ: Grisen står og hyler på mottaket