Vi kastar kvar åttande pose med mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi kstar enorme mengder mat

Kvar nordmann kasta i snitt over 42 kilo etande mat i fjor, viser ferske tal.

Matkastinga svarer til 5.800 kroner for gjennomsnittshushaldet, ifølgje tala frå prosjektet til matbransjen, ForMat. Matsvinnet er likevel redusert sidan 2010.

Prosjektet, som har laga ei oversikt over omfanget av matkasting i Noreg dei siste seks åra, legg fram sluttrapporten sin på ein konferanse tysdag.

Bransjen har ikkje nådd målet om bidra til å redusere matkastinga med 25 prosent dei seks siste åra. Det blei kasta 12 prosent mindre mat i talet på kilo per innbyggjar i fjor enn i 2010. Til saman blei det kasta 355.000 tonn etande mat frå matindustrien, grossistar, daglegvarehandel og hushalda i 2015.

KOMMENTAR: Nei til kostbar matkasting

Du og eg er verst
Det er folk flest som er verstingane. Restar frå gryter og tallerkenar i tillegg til frukt og grønsaker hamnar altfor ofte i søppelet. Ei lita trøyst er det at vi er blitt litt flinkare til å ete opp maten vår. Folk flest kasta 9 prosent mindre mat heime i fjor enn i 2010, men framleis står forbrukarane for 60 prosent av matsvinnet.

Anne Marie Schrøder, kommunikasjonsansvarleg i ForMat, seier bransjen arbeider for å redusere svinnet i heile kjeda, ikkje berre i butikkane eller hos produsentane.

– Vi skal hjelpe forbrukaren til å kaste mindre mat, ved å sørgje for rett emballasje, størrelse på pakningen, god informasjon om bruksdato og rett oppbevaring, seier ho til NTB.

– Det er først når vi har ei endring i åtferd og haldningar hos forbrukaren at vi vil sjå store forbetringar, fortset ho.

Ifølgje sluttrapporten, er forbrukarane i ferd med å endre haldningar til det betre. Færre seier no at dei kastar mat berre fordi den er gått ut på dato.

LES OGSÅ: – Eg kastar meir mat enn eg burde

Eit klimaproblem
Tapet frå matsvinnet utgjer 20 milliardar kroner årleg. Det er også eit betydeleg klimaproblem. Utsleppa frå produksjon, innpakking og distribusjon av maten som blir kasta, svarer til eit utslepp frå ein firedel av personbiltransporten i Noreg.

Men sjølv om det totale matsvinnet går ned, har ikkje dei økonomiske tapa og klimautsleppa blitt redusert like mykje. Svinnet har nemleg auka for relativt dyre og klimabelastande produkt, slik som kjøt, mjølk og ost.

Bak ForMat-prosjektet står Matsvinn AS, eit selskap eigd av mat- og serveringsbransjen. Østfoldforskning har fått i oppgåve å kartleggje og analysere omfanget av og årsaker til matsvinnet i Noreg.

Sjølv om prosjektet no blir avslutta, fortset Matvett arbeidet for å redusere matsvinnet. Ein bransjeavtale er venta å vere klar til underteikning i mars neste år.

Fleire er likevel utolmodige og ønskjer å legge meir press på bransjen. Kristeleg Folkeparti vil i haust føreslå at det blir greidd ut ei lov som påbyr butikkar å gi vekk etande mat, i staden for å kaste den. (©NPK)

LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter