Tjukk av triste TV-program

Triste program på TV får folk til å småeta meir framfor skjermen og aukar dermed risikoen for overvekt, ifølgje svenske forskarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Engasjerande TV-program gjev derimot lågare appetitt, viser ei undersøking utført ved Uppsala universitet.

– Fleire undersøkingar har tidlegare kopla TV-titting med småeting og auka risiko for overvekt, men vi er dei første til å påvisa at innhaldet i programmet kan påverka kor mykje vi et, seier professor Helgi Schiöth til Upsala Nya Tidning.

LES OGSÅ: Bygdeborn meir overvektige

Mindre mat på Solsidan
Dei svenske forskarane tok for seg 18 kvinner med normalvekt og gav dei fri tilgang til sjokolade og druer. Deretter fekk dei sjå ein episode av TV-programmet Solsidan på TV4, ei kunstførelesing på SVT og lesa ein tekst om insekt i Sverige.

Resultatet var at kvinnene i snitt åt 43 gram meir sjokolade eller druer under kunstføredraget enn medan dei såg på Solsidan.

Kulturprogrammet resulterte også i at dei i snitt åt 16 gram meir sjokolade og druer medan dei såg kulturprogrammet, enn då dei las om insekt.

– Dess tristare dei oppfatta forsøksvilkåra, dess meir sjokolade og framfor alt druer åt dei, konstaterer Schiöth.

Konklusjonen hans er likevel noko forsiktig og i tråd med det forskarar ofte konkluderer med: Her trengst det meir forsking. (©NPK)

LES OGSÅ: Lurt å ete tytebær til feit mat