Populært hudpleieprodukt blir forbode

Hudpleieprodukt med retinol har vorte populært blant barn heilt ned i åtteårsalderen. Frå og med 1. november i år vert hudpleieprodukt med for store mengder av ingrediensen forbode.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Såkalla anti-aldrande hudpleieprodukt med retinol har i aukande grad blitt brukt av barn og unge, mellom anna grunna TikTok-trendar.

No har EU bestemt at hudpleieprodukt med over 0,3 prosent retinol, skal verte ulovleg å selje, skriv NRK.

Helseskadeleg

Årsaka til dette forbodet, er at for mykje retinol kan vere helseskadeleg.

Retinol er det same som A-vitamin og om ein får i seg for store mengder med dette vitaminet, kan det mellom anna føre til kvalme, hårtap og tørr hud.