Tid for å vera tøff i trynet

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Formelt sett lever me i eit språkleg likestilt land. Difor har du mellom anna rett til sjølv å få velja hovudmål på skulen, heilt frå du går i 8. klasse. Du har fylgjeleg også krav på å få både lærebøker og eksamensoppgåver på hovudmålet ditt.

I realiteten fungerer det ofte ikkje slik. Kvar einaste haust vert dei språklege rettane brotne i stort omfang. Dei same historiene går igjen år etter år: Om nynorskelevar som vert automatisk registrerte som bokmålselevar. Om nynorskelevar som ikkje får nynorskbøker, fordi skulen har kjøpt inn bokmålsbøker til alle. Ikkje minst: Om korleis lærarar, inspektørar og rektorar pressar elevar som står på sitt, for å få dei til å godta bokmålsbøker likevel – slik at skulen ikkje skal tapa økonomisk på si eiga manglande evne til å planleggja lærebokhandel.

Diverre slepp skulane og skuleeigarane som regel unna med det. Heilt forståeleg, i grunn – dei fleste femten-sekstenåringar (for ikkje å snakka om tolv-trettenåringar) vil naturlegvis unngå å hamna i klinsj med leiing og lærarar fyrste dagen på ny skule. Å utøva press for at folk skal avstå frå dei språklege rettane sine, er ufint nok i seg sjølv. Å leggja slikt press på umyndige ungdomar i nye og ukjende omgjevnader, er direkte usømeleg.

Det burde vera verdas enklaste sak å ordna opp i problemet. Skuleleiarar og skuleeigarar kunne til dømes vurdert å skaffa seg litt elementær kunnskap om kva jobben deira eigentleg går ut på. Men sidan mange ansvarspersonar ikkje duger, må me ta ting i eigne hender.

Løysinga på problemet er difor like krevjande som ho er enkel: Kvar og ein må stå på sitt, og melda i frå når ting ikkje er som dei skal.

For å gjera akkurat det litt enklare, har Norsk Målungdom laga ein varslingsportal, der du kan melda inn ulike typar brot på dei språklege rettane dine. Då vidareformidlar me klagen din til rette vedkomande, med kopi til Språkrådet. Slik slepp du å bruka skulestarten på å virra rundt i administrasjonen for å finna den ansvarlege, medan me kan ta oss av å leggja velfortent press på den eller dei som ikkje gjer jobben sin.

Det burde sjølvsagt ikkje vera naudsynt. Men skal det verta noko språkleg likestilling i dette landet, kan me openbert ikkje stola på dei vaksne. Så no er det tid for å retta ryggen, planta neven i bordet, og gjera det klokkeklårt at nok får vera nok. Like rettar for nynorsk- og bokmålselevar er verkeleg det minste me kan be om.